Anodestråle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei anodestråle eller kanalstråle er positive atomion (som regel metallion) som vert danna ved anoden i eit elektrisk gassutladingsrøyr når trykket er under 100 Pa, og flyttar seg med stor fart ut frå anoden. Dei viser seg på baksida av katoden når det er eit hol (ein kanal) gjennom han. Strålane ser ein som ei lysstripe, der iona støyter mot gassmolekyl i røyret. Dei påverkar òg fotografiske plater.

Dei vart først observert i Crooke-røyr under eksperimenta til den tyske fysikaren Eugen Goldstein i 1886.[1] Joseph John Thomson og Wilhelm Wien undersøkte korleis strålane vart påverka av elektriske og magnetiske felt og kunne med det identifisere dei som ion som var vorte danna av gassen i røyret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grayson, Michael A. (2002). Measuring mass: from positive rays to proteins. Philadelphia: Chemical Heritage Press. s. 4. ISBN 0-941901-31-9.