Anoksis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anoksisk vatn)

Anoksis (av gresk an, 'utan' og oxys, 'skarp') er ein tilstand der noko heilt manglar oksygen, det er ei ein anoksisk tilstand. Cellevev, organ, organismar eller økosystem kan vera anoksiske. Det motsette av anoksisk er oksisk.[1] Ein tilstand der det finst oksygen, men der oksygennivået er lågare enn normalt, blir kalla hypoksis.[2]

Ved anoksis kan berre prosessar som ikkje involverer oksygen finna stad, som anaerob metabolisme, anaerob respirasjon eller anaerob korrosjon. Anaerobe organismar som visse bakteriar kan leva i anoksiske miljø. Nokre slike organismar krev anoksiske miljø (dei er obligat anaerobe), medan andre føretrekk eit slik miljø, men kan klara seg der det finst noko oksygen (dei er fakultativt anaerobe).[2]

Anoksisk vatn[endre | endre wikiteksten]

Havvatn, sjøvatn og grunnvatn kan vera anoksisk. Dette skjer vanlegvis når vatn blir hindra frå å sirkulera, til dømes av eit fysisk stengsel[3] eller av ei streng lagdeling i vatnet. Til dømes kan tungt, hypersalt vatn leggja seg i botn. Djupe fjordar med trong og/eller grunne opningar mot havet kan også få stilleståande vatn som kan bli anoksisk.[4] I tillegg kan ein få anoksiske forhold om oksideringsraten av organisk stoff utført av bakteriar er større enn tilgangen på oppløyst oksygen.

Anoksi i medisinen[endre | endre wikiteksten]

Anoksi i medisinsk samanheng viser til ein tilstand der eit organ eller vev får for lite oksygen, til dømes på grunn av manglande blodtilførsel til vevet eller lågt hemoglobininnhald i blodet (anemi).[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anoksisk», Botanisk- og plantefysiologisk leksikon (på norsk) (Institutt for biovitenskap), henta 14. august 2021 
  2. 2,0 2,1 «Anoksis», Botanisk- og plantefysiologisk leksikon (på norsk) (Institutt for biovitenskap), henta 14. august 2021 
  3. Bjork, Mats; Short, Fred; McLeod, Elizabeth; Beer, Sven (2008). Managing Sea-grasses for Resilience to Climate Change. Volume 3 of IUCN Resilience Science Group Working Papers. Gland, Switzerland: International Union for Conservation of Nature (IUCN). s. 24. ISBN 978-2-8317-1089-1. 
  4. «Permanent anoksisk saltvannsbunn», artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 16. august 2021 
  5. «anoksi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 27. oktober 2020.