Another Place, Another Time av Jerry Lee Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Another Place, Another Time
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1968
Studio Columbia Studios, Nashville, Tennessee
Sjanger Country, honky-tonk
Lengd 27:33
Selskap Smash
Produsent Jerry Kennedy
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Soul My Way
(1968)
Another Place, Another Time She Still Comes Around
(1969)


Another Place, Another Time er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis. Det kom ut i 1968 på Smash Records og vart rekna som eit «comeback» med ein enkel, «hardcore» countrystil som gav han to songar på topp 5 på countrylista i USA, den største suksessen hans på ti år.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Før 1968 hadde Jerry Lee Lewis konstant turnert i USA og Europa i ti år i håp om få karrieren på fote att, etter stjernestatusen han hadde hatt medan han var på Sun Records i 1950-åra. Det var før han gifta seg med det då 13 år gamle syskenbarnet sitt Myra og karrieren hans spora av. Han heldt fram med å spele forrykande konsertar, noko ein kan høyre på albumet Live at the Star Club, 1964, men hadde lite suksess på salslistene. I 1963 forlét Lewis Sun Reords og gjekk til Smash (som seinare vart ein del av Mercury Records), men trass i rekkje musikalsk forskjellige album, selde han dårleg. Kontrakten med Smash nærma seg slutten og Lewis var frustrert over det han meinte var mangel på støtte frå selskapet. Marknadsføringssjefen Eddie Kilroy ringde han og føreslo å spele inn reint countryalbum i Nashville. Utan noko å tape gjekk Lewis med på å spele inn Jerry Chestnut-songen «Another Place, Another Time», som vart gjeven ut på singel 9. mars 1968, og overraskande nok skaut singelen oppover countrylista. Lewis vart raskt kalla attende til Nashville for å spele inn fleire songar med produsenten Jerry Kennedy.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Lewis primært var kjend som ein rock and roll-artist, hadde han spelt inn musikk i mange forskjellige stilartar, frå rhythm and blues til Great American Songbook. Han likte sjølv godt country - særleg songane til Hank Williams – som var ein stor del av repertoaret hans. Countryhistorikaren Colin Escott skreiv i omslaget til samleplata Killer Country frå 1995 at endringa til country i 1968 «verka som eit radikalt skifte på den tida, men det var verken særleg brått eller så uventa som det såg ut til. Jerry hadde alltid spelt country, og countrygjennombrotet hans 'Another Place, Another Time' kom etter fleire countryinnspelingar, og den første 'Crazy Arms', går heilt attende til 1956.» Siste gongen Lewis hadde ein song på countrylista var med «Pen And Paper» i 1964, som nådde 36. plassen. «Another Place, Another Time» gjekk heilt opp til fjerdeplassen og låg på lista i 17 veker.

Produksjonen av albumet som følgde var enkel, og ganske forskjellige frå den glatte «Nashville sound» som dominerte countryradio på denne tida. Lewis gav ut Glenn Sutton-songen «What's Made Milwaukee Famous (Has Made A Loser Out of Me)» som den neste singelen, og denne steig til andreplassen på Billboard si countryliste. Lewis var ikkje mykje til låtskrivar sjølv og tok med to andre Chestnut-songar, «Play Me A Song I Can Cry To» og «On The Back Row», og fylte ut resten av albumet med versjonar av kjende countrysongar, som Merle Haggard-hitten «I'm A Lonesome Fugitive» og Ernest Tubb-klassikaren «Walking The Floor Over You.» Han spelte òg inn Fred Rose-standarden «We Live in Two Different Worlds» som ein duett med systera Linda Gail Lewis. I boka si Jerry Lee Lewis: His Own Story skreiv forfattaren Rick Bragg at songane Lewis spelte inn var «på ein måte starten på 'hard country', ikkje fordi han hadde ein rockerytme eller kryssa over i rock på noko måte, men fordi det var mykje meir vesentleg enn det overproduserte rotet dei spelte på countryradio.»

Rod Stewart spelte inn «What's Made Milwaukee Famous (Has Made A Loser Out of Me)» i 1972 og vart med Lewis på ei utgåve av songen på Lewis-albumet Last Man Standing i 2006.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Another Place, Another Time kom ut i juni 1968 og steig til tredjeplassen på Billboard si countryliste 1. februar 1968 skreiv Rolling Stone-skribenten Andy Boehm at albumet var «definitivt verdt pengane om du kan få tak i det. For rockefans er Another Place Another Time ein interessant omvandling for den tidlege rock & roll-stjerna. For countryfans introduserer albumet nok ein stor og gripande songar.» AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: «Song for song er det ikkje ein dårleg melodi her, og kvar song er veldi bra. Dette gjer det ikkje berre til ein flott, ny start, men til eit av dei beste hardcore countryalbuma gjennom tidene.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«What's Made Milwaukee Famous (Has Made a Loser Out of Me)»Glenn Sutton2:37
2.«Play Me a Song I Can Cry To»Jerry Chesnut2:53
3.«On the Back Row»2:50
4.«Walking the Floor Over You»Ernest Tubb2:09
5.«All Night Long»Don Chapel2:34
6.«I'm a Lonesome Fugitive»
3:01
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Another Place, Another Time»Chesnut2:27
8.«Break My Mind»John D. Loudermilk2:28
9.«Before the Next Teardrop Falls»
2:07
10.«All the Good Is Gone»
  • Dottie Bruce
  • Norris Wilson
2:14
11.«We Live in Two Different Worlds»Fred Rose2:13
Total lengd:27:33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]