Another Tear Falls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Another Tear Falls
Singel av The Walker Brothers
B-side «Saddest Night in the World»
Utgjeve September 1966
Innspelt 1966
Sjanger Pop, barokkpop, Wall of Sound
Lengd 2:28
Selskap Philips Records
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Produsent Reg Guest
The Walker Brothers-kronologi
«(Baby) You Don't Have to Tell Me»
(1966)
Another Tear Falls Solo John/Solo Scott
(1966)


«Another Tear Falls» er ein song skriven av Burt Bacharach med tekst av Hal David og først spelt inn av den amerikanske songaren Gene McDaniels i 1962 for den britiske filmen It's Trad, Dad! og vart sidan spelt inn og gjeven ut av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som den sjuande singelen deira i 1966. Akkompagnementet vart dirigert av Reg Guest.

«Another Tear Falls» vart ein moderat hit som låg åtte veker inne på UK Singles Chart med ein 12. plass som høgaste plassering i oktober.[1] Salstala for singelen var relativt skuffande for gruppa og stadfesta ein minkande popularitet for gruppa. Trass i at singelen gjorde det skuffande gjorde albumet som kom ut samstundes, Portrait, det langt betre og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart.[1]

B-sida «Saddest Night in the World» er sungen av Scott Walker, men er ein av dei første songane John Walker skreiv. John Walker skreiv sidan to songar for det neste albumet til gruppa, som han begge song sjølv.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Philips - BF 1514
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Another Tear Falls»  Bacharach, David 2:28
2. «Saddest Night in the World»  John Maus 2:13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 589/590. ISBN 1-904994-10-5.