Ansgar Teologiske Høgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ansgar Teologiske Høgskole er ein privat høgskule som vert driven av Det Norske Misjonsforbund. Skulen ligg i Kristiansand.

Skulen er ein del av Ansgarskolen, som også omfattar Ansgar Bibelskole. Han har sine historiske røter i Det Norske Misjonsforbunds Missionsskole, ein predikant- og misjonærskule som vart oppretta i Oslo i 1913. Skulen blei nedlagt i 1951, men gjenoppstod i 1959 under namnet Ansgar Bibel- og Ungdomsskole på Slemdal i Oslo. Skulen blei i 1966 flytta til Vettakollen i Oslo og i 1988 flytta vidare til Kristiansand, då det blei bygd heilt ny skule i bydelen Hånes.

Skulen tilbyr fem bachelorstudiar og tre mastergradstudiar. Skulen er økumenisk og studentane kjem frå heile breidda av det norske kyrkjelivet. Skulekoret Ansgar Gospel Choir er tilknytt både høgskulen og bibelskulen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]