Anshun
| Anshun | |||
| byprefektur | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 9 228,24 km² | ||
| Folketal | 2 353 100 (2018)[1] | ||
![]() Anshun 26°14′44″N 105°56′02″E / 26.24562°N 105.93401°E | |||
| Wikimedia Commons: Anshun | |||
Anshun er eit byprefektur i provinsen Guizhou i det sørlege Kina. Folketalet ved folketeljinga i 2010 var 2 297 339.[2] Sjølve byen hadde eit folketal på 765 313.
I prefekturet ligg attraksjonar som Long Gong-drakeholene og Getu-elva. Huangguoshu-fossen, den høgaste fossen i Kina, ligg i nærleiken av Anshun.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under krigarrika-tida var området del av kongeriket Yelang.[3] Historieverket Shiji fortel at av dei sjølvstendige rika i området var Yelang det største.[3]
Anshun var ein blømade by i opiumhandelens dagar på 1800-talet. Han er i dag eit viktig handelssenter. I dette området vert det produsert grøn te, stål og maskinvarer. Byen har også matforedlingsindustri. Anshun er kjend for produksjon av sakser og for lærprodukta.
Administrative eningar
[endre | endre wikiteksten]Anshun omfattar eitt bydistrikt, to fylke og tre autonome fylke:
- Bydistriktet Xixiu - 西秀区 Xīxiù Qū
- Fylket Pingba - 平坝县 Píngbà Xiàn
- Fylket Puding - 普定县 Pǔdìng Xiàn
- Det autonome fylket Guanling for buyei- og miaofolka - 关岭布依族苗族自治县 Guānlǐng bùyīzú miáozú Zìzhìxiàn
- Det autonome fylket Zhenning for buyei- og miaofolka - 镇宁布依族苗族自治县 Zhènníng bùyīzú miáozú Zìzhìxiàn
- Det autonome fylket Ziyun for miao- og buyeifolka - 紫云苗族布依族自治县 Zǐyún miáozú bùyīzú Zìzhìxiàn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://citypopulation.de/en/china/guizhou/admin/.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 2012-04-28. Henta 2012-03-14.
{{cite web}}: CS1 maint: archived copy as title (link) Census 2010 - 1 2 历史沿革 (på kinesisk). Anshun City People's Government. Arkivert frå originalen den 2019-11-23. Henta 2020-07-12.
- Denne artikkelen bygger på «Anshun» frå Wikipedia på bokmål, den 16. september 2009.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |

