António Pinto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
António Pinto
Statsborgarskap Portugal
Fødd 22. mars 1966
Vila Garcia
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar

António Coelho Pinto (fødd 22. mars 1966) er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Amarante som vart europameister på 10 000 meter i 1998.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pinto deltok i fire olympiske sommarleikar, 1988-2000, men vart aldri betre enn nummer elleve. Derimot vart han europameister i 1998 då han i Budapest vann gullmedaljen på 10 000 m på tida 27.48,62. Same sesongen sette han portugisisk rekord på 5 000 meter med 13.02,8 under eit stemne i Zürich. I 1999-sesongen forbetra han europarekorden på 10 000 m til 27.12,4 på Stockholm stadion. Få veker seinare vart han nummer fem på på same distansen under friidretts-VM i Sevilla.

Både i 1992, 1997 og 2000 vann Pinto London-maraton, siste gongen på ei tid, 2.06.36, som ingen annan europear hadde prestert. I 1994 sprang han i mål som vinnar av Berlin-maraton.

Pinto drog seg tilbake frå internasjonale tevlingar i 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]