Antarktisk kril

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antarktisk kril

Krill666.jpg

Vitskapleg namn
Euphausia superba
Utbreiing
Habitat: Hav
Region: Antarktis
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Arthropoda
Crustacea
Klasse: Malacostraca
Eucarida
Orden: Euphausiacea
Slekt: Euphausia

Antarktisk krill (Euphausia superba) er ein type kril som er nøkkelart i det antarktiske økosystemet i Sørishavet. Kvar kril kan bli opptil 6 cm lang og 2 gram tung. Antarktisk kril lever i store stimar, eller sverma, som kan ha opptil 10 000–30 000 individ per kubikkmeter.[1] Krilen lever i omtrent 6 år.

Antarktisk kril lever på små planteplankton som tek opp energi frå sollys.[2] Krilen blir i sin tur eten av større dyr som selar, kvalar, fuglar og fiskar, ofte som hovudnæringskjelda. Ut frå total biomasse, som ein rekner med ligg rundt 500 millionar tonn, kan antarktisk kril vera det mest utbreidde dyret på jorda.[3]

Krilen har eigne organ for bioluminescens, lys laga av dyra sjølv. Lysorgana sit parvis ulike stader på kroppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William M. Hamner, Peggy P. Hamner, Steven W. Strand & Ronald W. Gilmer (1983). «Behavior of Antarctic krill, Euphausia superba: chemoreception, feeding, schooling and molting». Science 220 (4595): 433–435. Bibcode:1983Sci...220..433H. PMID 17831417. doi:10.1126/science.220.4595.433. 
  2. Uwe Kils & Norbert Klages (1979). «Der Krill» [The Krill]. Naturwissenschaftliche Rundschau (på German) 32 (10): 397–402. 
  3. Stephen Nicol & Yoshinari Endo (1997). Krill Fisheries of the World. Fisheries Technical Paper 367. Food and Agriculture Organization. ISBN 92-5-104012-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]