Ante Aikio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ante Aikio
Fødd1977
NasjonalitetFinland
Yrkelingvist

Ante Aikio (fødd i 1977) er ein finsk samisk lingvist som har vore professor i samiske språk ved Samisk høgskule i Kautokeino i Noreg sidan 2015. Før dette var han professor i samiske språk ved Giellagas-Instituttet ved Universitetet i Oulu i Finland. I 2009 gav Aikio ut ei avhandling om samiske lån i finsk språk. I tillegg har Aikio studert historie og etymologien til uralske språk og samisk etnolingvistikk tidlegare.[1]

Ante Aikio er i lag med m.a. Jaakko Häkkinen, Petri Kallio, Mikko Heikkilä og Janne Saarikivi ein del av forskingsparadigmet som det siste tiåret har revidert oppfatninga vår av samisk forhistorie, basert på framfor alt arbeida til Jorma Koivulehto om germanske og iranske lånord i austersjøfinsk og samisk. Han har også arbeidd med språkhistoria for dei andre språkgreinene i uralsk.

Ante Aikio er son av Samuli Aikio.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Professori haaveilee kattavasta kieliopista». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 8. september 2018.