Antemensale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antemensale som er¨å sjå på det såkalla Olavsaltaret, eit sidealtar i Nidarosdomen i Trondheim, men skriv seg opphavleg frå ei anna kyrkje. Biletserien skildrar Heilag-Olav som konge og helgen.
Antemensale i gylt koparblikk frå det danske Lisbjergaltaret, eit av dei såkalla gylne altar frå dansk mellomalder. Sentralt i midtfeltet er det ein skulptur av Maria med Kristus.

Antemensale eller altarfrontale er ei plate av tre eller metall med måla bilete eller relieffbilete som dekkjer framsida av eit altar i ei kristen kyrkje.

Nemninga vert særleg nytta om slike altarframstykke som skriv seg frå mellomalderen. Skikken var då at presten skulle stå vend mot kyrkjelyden då han stod framfor altaret, og difor var det eit mellomrom mellom altaret og altartavla. Altaret var soleis plassert med fronten mot kyrkjelyden, og framsida av det var ein høveleg stad for å plassere eit oppbyggjeleg og lærerikt motiv. Ofte er biletet delt inn eit stort midtfelt med eit hovudmotiv, og mindre felt på kvar side av midtfeltet. Motiva i sidefelta supplerar hovudmotivet.

Dei fleste av dei antemensalane frå mellomalderen som er teke vare på, finst i Noreg og Spania.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hohler, E. B., Morgan, N. J. og Wickstrøm, A. 2004, Painted altar frontals of Norway 1250-1350. Volume I: Artists, Styles and Iconography. ISBN 1-873132-44-1
  • Wickstrøm, Anne. 1981. Maleriet i høymiddelalderen, i Norges kunsthistorie, bind 2, Oslo. ISBN 82-05-12266-0
  • Grinder-Hansen, Poul. 1999. Nordens gyldne billeder fra ældre middelalder. [Fotografi ved Gérard Franceschi, biletredigering ved Asger Jorn; 10000 års nordisk folkekunst.] København: Borgens Forlag. ISBN 87-21-00389-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]