Kattefotslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Antennaria)
Gå til: navigering, søk
Kattefotslekta


Kattefot
Kattefot

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Antennaria
Vitskapleg namn
Antennaria

Kattefotslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. I Noreg veks fire artar. Desse er fleirårige ullhåra eller om lag snaue plantar med avlange utagga blad i rosett som kan danne tuver eller matter. Øvre delen av korgdekkblada er ei stiv blank hinne. Særskilde hannplantar og hoplantar. Fjellkattefot og grønkattefot har frøformering utan befruktning, og hannplantane er sjeldne.

Norske artar i kattefotslekta[endre | endre wikiteksten]

  • Kattefot (Antennaria dioica)
  • Gaissakattefot (Antennaria nordhageniana)
  • Filtkattefot (Antennaria alpina)
    • Underart: Fjellkattefot (Antennaria alpina alpina)
    • Underart: Grønkattefot (Antennaria alpina porsildii)
  • Sølvkattefot (Antennaria villifera)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.