Antholz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Antholz (italiensk Anterselva) er ein landsby i kommunen Rasen Antholz (italiensk Rasun Anterselva) i den nord-italienske regionen Trentino-Alto Adige. Antholz er ein kjend vintersportstad, som ligg i ein nordleg sidedal til Pustertal nær hovudvasskillet i Alpane.

Av dei 2780 innbyggjarane (2004) i kommunen er 98% tysktalande. Namnet Anterselva blei, som dei fleste andre italienske stadsnamn i Sør-Tirol, oppfunne av fascistane1920-talet ved å oversetje ledd for ledd til italiensk (Ant blei forvanska til Anter fordi det ikkje betyr noko; Holz = selva = skog).