Anthony Coughlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anthony Coughlan
Alma materUniversity of London
University College Cork

Anthony Coughlan er ein økonomiutdanna irsk akademikar, sekretær for den anti EU-føderalistiske organisasjonen National Platform, og pensjonert senior lecturer i sosialpolitikk ved Trinity College i Dublin, TCD. Coughlan er kjend for å vera sosialist og marxist, tilhengjar av irsk samling og oppløysing av det Foreinte Kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Alt frå tidleg på 1960-talet engasjerte han seg mot irsk tilslutnad til EEC, forlauparen til dagens EU. I dag er han tilhengjar av både Brexit (britisk utmelding) og Irexit (irsk utmelding) av EU, og har delteke på arrangement i regi av det nyskipa (2018) The Irish Freedom Party/Éire Amach: Cumann na Saoirse.

Coughlan er kjend som deltakar i irsk medieordskifte, forfattar av bøker og pamflettar og aktivt organisasjonsmenneske.

Utdanning og yngre år[endre | endre wikiteksten]

Coughlan vart fødd i Cork og vart politisk aktiv medan han studerte engelsk, historie og økonomi på University College Cork i 1950-åra. På dette universitetet organiserte han lokallag av Labour Party (Páirtí an Lucht Oibre). Han flytta medkvart til London og vart høgare grads student i sosialpolitikk ved University of London. Under opphaldet i London vart han og med i Connolly Association ein republikansk sosialistisk organisasjon kalla opp etter ein av grunnleggjarane av det irske Labour - James Connolly, som og vart avretta i Dublin på grunn av den leiarrolla han spela i [[påskeopprøret i 1916]. I denne perioden vart han og kjend med den marxistiske og republikanske historikaren C. Desmond Greaves.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Anthony Coughlan har vore ein politisk medviten og politisk aktiv akademikar gjennom heile det vaksne livet sitt.

I 2018 vart det gjeve ut eit festskrift til Anthony Coughlan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]