Anticostiøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittfoto av Anticostiøya

Anticostiøya (fransk; Île d'Anticosti) er ei øy ved utløpet av St. Lawrence-elva, der denne renn ut i St. Lawrence-bukta, i Quebec i Canada, mellom 49° og 50° nordleg breidd, og mellom 61° 40' og 64° 30' vestleg lengd. Ho har eit flatemål på 7893 km². Anticostiøya er i nord skilt frå resten av Côte-Nord-regionen (Labrador-halvøya) av Cartiersundet og i sør frå Gaspéhalvøya av Honguedosundet.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Anticostiøya er 217 km lang og frå 16 til 48 km brei, men svært tynt folkesett (266 menneske i 2001). Størsteparten bur i landsbyen Port-Menier på vestspissen av øya. Dei fleste øybuarane er sysselsett med å drive dei mange fyra og fyrlyktene som er reist av den kanadiske staten. Kystfarvatna er dominert av berg og stein, og grunner farlege for skipsfarten. Det er berre to trygge hamner, Ellis Bay og Fox Bay. Største innsjøen på øya er Lake Wickenden, kjelda til elva Jupiter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Anticostiøya var i tusenvis av år jaktmark til stammefolk som budde på fastlandet. Innu-folket kalla øya for Notiskuan, det er "der bjørnar vert jakta på", Mi'kmaqane kalla ho for Natigostec ("fremstelandet").

Den franske oppdagaren Jacques Cartier segla langs kysten av øya sommaren 1534, og stod for den fyrste omtalen av øya. Tidleg på 1600-talet la Frankrike Anticostiøya offisielt under seg, og innlemma ho i sitt kolonirike.

Dei fyrste nybyggjarane slo seg ned i 1680, samstundes som franskekongen gav både eigedoms- og råderetten til Louis Jolliet i eigenskap av føydalherre (seigneur) over Minganøyane og Anticostiøya. Anticostiøya vart då den største øya i verda som nokon gong har vore i privat eige. Jolliet reiste eit fort på Anticostiøya og busette seg der våren 1681 med kone, fire born og seks tenarar. Fortet vart kapra vinteren 1690 av hærstyrkar frå Massachusetts, men desse trekte seg attende etter ein kort okkupasjon.

Jolliet-ætlingar eigde øya til 1763, då vart ho i samsvar med Paristraktaten av 1763 del av det britiske imperiet. I tida etter skifte øya eigar fleire gonger, eigarane dreiv i hovudsak tømmerhogst.

I moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1895 vart Anticostiøya seld til den fransk sjokoladeprodusenten Henri Menier, som også leigde fiskerettane langs kysten. Menier gjorde øya om til eit privat viltreservat. Eit 70 meters høgt fossefall gav han namnet Vauréal-fossane, oppkalla etter småbyen Vauréal i Frankrike der han eigde eit bustadhus.

Menier anla heile landsbyen Port-Menier. Han fekk bygt ein hermetikkfabrikk til pakking av fisk og hummar, og prøvde å utnytte ressursane av tømmer, torv (til brensel) og mineral. Menier fekk og i stand utsetjing av 220 hjortar på øya. Hjorten treivst og i dag er populasjonen på over 100 000 dyr. Elgen finst i eit tal på om kring 1000.

Laksefiskar ved ei elv på Anticostiøya

Henri Menier døydde i 1913 og broren Gaston vart eigar av Anticostiøya. Han dreiv verksemdene vidare til han selde øya i 1926 til eit sagbruksselskap.

I 1974 kjøpte Quebecs delstatsregjering øya. Om lag 60 % av øya vert administrert av Sépaq. Sidan 2001 er 572 kvadratkilometer utlagt til nasjonalpark. Med sine 24 elvar og talrike bekkar med både laks og aure er øya eit ynda reisemål for sportsfiskarar. Øya får også besøk av fuglekikarar, naturvandrarar, og av jegerar.

Heile øya utgjer ein kommune, kjent som L'Île-d'Anticosti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]