Antigua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antigua
øy
Antigua.JPG
Land Flag of Antigua and Barbuda.svg Antigua og Barbuda
Areal 281 km²
Folketal 80 161 (2011)
Wikimedia Commons: Antigua

Antigua, også kjent som Waladli eller Wadadli lokalt, er ei øy i Karibia og ein del av øystaten Antigua og Barbuda. Antigua er den største øya i staten, og ligg 40 km sør for Barbuda. Dei høyrer begge til Leewardøyane. Øyane blei tidlegare styrt som ein britisk koloni før dei blei ein sjølstendig stat i Det britiske samveldet den 1. november 1981.[1]

Antigua tyder «gammal» på spansk, og har namn etter eit religiøst bilde i domkyrkja i Sevilla, Virgen de la Antigua.[2] Namnet Waladli kjem frå dei innfødde karibane og betyr omlag «vårt eige». Det blir også skrive Wadadli etter ein calypsosong.[3]

Øya har ein omkrins på rundt 87 km og eit areal på 281 km². Etter folketeljinga i 2011 hadde ho 80 161 innbyggjarar.[4] Over 31 000 menneske bur i hovudstaden St. John's som ligg nordvest på øya. Byen har ei djup hamn som gjer det mogleg for store turistskip å leggja til kai. Andre større busethingar er All Saints (3 412 innbyggjarar) og Liberta (2 239 innbyggjarar), etter folketeljinga i 2001.

Den naturlege hamna English Harbour på søraustkysten er kjend for å gje ly for store stormar. Staden har ein restaurert britisk maritim kolonistasjon kalla «Nelson's Dockyard» etter kaptein Horatio Nelson. English Harbour og nabolandsbyen Falmouth er blitt kjende reisemål for seglskip og yachtar der dei kan ankra opp og ta inn forsyningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Antigua & Barbuda Independence Festival», Antiguanice
  2. Kessler, Herbert L. & Nirenberg, David (2012): Judaism and Christian Art: Aesthetic Anxieties from the Catacombs to Colonialism, University of Pennsylvania Press, s. 270
  3. Murphy, Reg: «Common Myths», Archaeology Antigua. Waladli versus Wadadli.
  4. CIA: The World Factbook

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Rogozinski, Jan (2000): A Brief History of the Caribbean from the Arawak and the Carib to the Present, Penguin Putnam, Inc
  • Morse, Jedidiah (1797): «Antigua» i: The American Gazetteer, Boston, Massachusetts: At the presses of S. Hall, and Thomas & Andrews

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Antigua frå Wikivoyage