Antikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
ParthenonAkropolis i Aten er eit symbol på antikk gresk kultur.
Kart over middelhavslanda på 300-talet fvt. Gul farge viser fønikske busetnader, raud viser greske.

Antikken, som òg vert kalla den klassiske oldtida, er eit samleomgrep for dei greske og romerske kulturane eller sivilisasjonane kring Middelhavet[1] i tida frå om lag 700/500 f.Kr. (fvt.) til ikring 400 e.Kr (evt.). Antikken vert delt inn i gresk (hellensk) antikk og romersk antikk. Den greske kulturen, som i ein viss mon var påverka av impulsar austfrå, hadde då ei blømingstid i både litteratur, arkitektur, skulptur og anna biletkunst og kunsthandverk. Ettersom kulturen i Romarriket bygde på denne greske kulturen, og i mykje var reine etterlikningar og kopieringar av han, danna han eit grunnlag for at ettertida kunne sjå på heile den antikke perioden med glød og vørdnad som ei slags eining, trass i dei store ulikskapane og det store tidsspennet som låg føre.

Den gløden og vørdnaden for dei gresk-romerske kulturelle draga i antikken som oppstod i Vest-Europa under renessansen på 1300-talet, og under dei kulturelle rørslene og omveltingane på 1700- og 1800-talet, har påverka språk, politikk, filosofi og rettsvitskap, vitskap, kunst og arkitektur i Europa heilt fram til vår tid. Denne påverknaden frå antikken gjorde seg likeins gjeldande i andre parter av verda gjennom dei europeiske landa sine erobringar og koloniseringar.

Den arkaiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Ein kan rekna antikken for å ha byrja i samband med overgangen frå bronsealderen til jarnalderen i noverande Hellas rundt år 1000 fvt.[1] Ein kan også ta med den egeiske høgkulturenKreta og i Hellas i 2. tusenåret fvt.[1]

Fønikarane, kartagarane og assyrarane[endre | endre wikiteksten]

Fønikarar spreidde seg ut frå hamner i Kanaan-regionen, og på 700-talet fvt. dominerte dei handelen i Middelhavet. Kartago vart grunnlagd i 814 fvt., og kartagarane hadde festningsverkSicilia og den italienske halvøya og på Sardinia, noko som førte til interessekonflikter med etruskarane.

Ein stele funnen på Kypros fortel om ein siger for Assyria under Sargon II i år 709 fvt. over dei sju småkongane på øya. Rika på Kypros var framleis vasallar under bystaten Tyr i noverande Libanon, som igjen var underlagt Assyria, men hendinga var ei byrjing på ei frigjering for øya.[2][3][4]

Hellas[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hellas i antikken.

Den arkaiske perioden i Hellas følgde «dei mørke hundreåra». Denne tida såg viktige utviklingar innan politisk filosofi, demokrati, filosofi, teater og poesi. Skriftspråket vart revitalisert etter å ha vore tapt under dei mørke hundreåra.

Innan pottemakarkunst utvikla ein den såkalla orientaliserande stilen, eit skifte frå den tidlegare geometriske stilen med linjer, siksakmønster, meanderband, sirklar og stiliserte figurar.[5] Stilen hadde påverknader frå Egypt, Fønikia og Syria.

Keramikkstilar knytte til den siste delen av den arkaiske perioden er svartfigurkeramikken, som oppstod i Korint på 600-talet, og den seinare raudfigurstilen utvikla av Andokides-målaren rundt 530 f.Kr.

Den greske koloniseringa i og langs Middelhavet og Svartehavet (750-550 fvt.) var organisert, i motsetnad til tidlegare migrasjon.

Italia i jarnalderen[endre | endre wikiteksten]

Etrurias sivilisasjon i Nord-Italia, 800 fvt.

Etruskarane skaffa (seint på 600-talet fvt.) politisk kontroll over regionen deira. Tilsynelatande mista dei makta i området, seint på 500-talet fvt.[6]

Det romerske kongedømmet[endre | endre wikiteksten]

Det romerske kongedømmet:
Dei første arkeologiske spor etter busetnadar ved Forum Romanum, er frå midten av 700-talet fvt, men busetnadar på Palatinerhøgda kan vera frå 900-talet fvt.[7][8]

Den sjuande og siste kongen av Roma var Tarquinius Superbus. I sin regjeringstid, nådde etruskarane, toppen av makta deira.

Den klassiske perioden i Hellas (400-talet fvt. og 300-talet fvt.)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Klassisk periode i Hellas.

Tyrannen i Aten vart styrta 510 fvt.; Styrkar frå Sparta hjalp atenarane å styrte tyrannen Hippias, søn av Peisistratos. Kleomenes I, kongen av Sparta, satte inn eit Sparta-vennleg oligarki, med Isagoras i spissen. Dei gresk-persiske krigane (499–449 fvt.), som vart avslutta med Kallias-freden førte både til frigjeringa av Hellas, kongdeømmet Makedonia (overvunnen i 168 fvt.), Thrakia, Jonia frå Akamenide-riket, og førte til at Aten fekk den dominerande posisjonen i det athenske sjøforbund, noko som førte til konflikt med Sparta og Det peloponnesiske forbund, noko som førte til Peloponneskrigen (431–404 fvt.).

Den hellenistiske perioden (323–146 fvt.)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hellenismen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Erik Østby. «antikken». Store norske leksikon. 19. februar 2018. Henta 27. juni 2019. 
  2. Yon, M., Malbran-Labat, F. 1995: “La stèle de Sargon II à Chypre”, i A. Caubet (red.), Khorsabad, le palais de Sargon II, roi d’Assyrie, Paris, 159-179.
  3. Radner, K. 2010: “The Stele of Sargon II of Assyria at Kition: A focus for an emerging Cypriot identity?”, i R. Rollinger, B. Gufler, M. Lang, I. Madreiter (red.), Interkulturalität in der Alten Welt: Vorderasien, Hellas, Ägypten und die vielfältigen Ebenen des Kontakts, Wiesbaden, 429-449.
  4. «The Cypriot rulers as client kings of the Assyrian empire». The many kingdoms of Cyprus. 5 Nov 2012. Henta 21. januar 2016. 
  5. «Den greske antikkens forhistorie». Store norske leksikon. Henta 30. juni 2019. 
  6. Ancient Rome and the Roman Empire by Michael Kerrigan. Dorling Kindersley, London: 2001. ISBN 0-7894-8153-7. page 12.
  7. Matyszak, Philip (2003). Chronicle of the Roman Republic: The Rulers of Ancient Rome from Romulus to Augustus. Thames & Hudson. s. 19. ISBN 9780500051214. 
  8. Duiker, 2001. page 129.Mal:Expand citation
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.