Antiloop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antiloop

OpphavStockholm i Sverige
Aktiv1994-2002
SjangerDance, trance
MedlemmerRobin Söderman
David Westerlund

Antiloop var ein svensk elektronika-duo som bestod av Robin Söderman og David Westerlund (begge 1977). Duoen hadde ein del hits på 1990-talet og rundt tusenårsskiftet, dei mest kjende var «In My Mind», «Believe», «Nowhere to Hide», «Trespasser» og «Start Rockin'».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Söderman og Westerlund kjende kvarandre som barndomsvener frå oppveksten i Lidingö i Stockholm. Den fyrste musikken dei laga var i tracker-program på Commodore Amiga. I 1994 starta dei Antiloop og debuterte året etter med EP-en N.S.F.M.C (Not Suitable For Mass Consumption). Antiloop tok til å gjera ein del remixar av songar for band som Aqua, E-Type og Photogenique, men fekk sin fyrste store hit med «In My Mind» frå 1997. Den selde til gull i både Sverige, Noreg og Frankrike. Då Antiloop gav ut debutalbumet LP same året, vann dei ein Grammis for det i heimlandet. I 1998 gav dei ut Remixed, eit remixalbum av tidlegare låtar.

I 2000 gav Antiloop ut andrealbumet, Fastlane People, som dei også vann ein Grammis for. Her samarbeidde dei m.a. med rapparen Timbuktu på låta «Catch Me». Antiloop produserte også to songar for soundtracket til dramafilmen Lilja 4-ever (2002) av Lukas Moodyson. Gruppa har elles vore inaktiv sidan 2002. David Westerlund produserer no sin eigen musikk under artistnamnet David West.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • LP (1997)
  • Fastlane People (2000)

Samle- og remixalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Remixed (1998)
  • At the Rebel's Room (2002)

Singlar og EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • N.S.F.M.C. (Not Suitable For Mass Consumption) (EP; 1995)
  • Purpose in Life (EP; 1996)
  • I Love You (Beauty & the Beast) (1997)
  • In My Mind (1997)
  • Believe (1998)
  • Trespasser (1998)
  • Catch Me (med Timbuktu; 2000)
  • Only U (2000)
  • Start Rockin’ (2000)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]