Antioquiasmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antioquiasmett
Antioquiasmett
Antioquiasmett
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Antioquiasmett
Utbreiinga av Antioquiasmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Thryophilus
Art: Antioquiasmett T. sernai
Vitskapleg namn
Thryophilus sernai

Antioquiasmett (Thryophilus sernai) er ein sporvefugl i gjerdesmettfamilien som vart oppdaga i 2010 og skildra første gong i 2012. Han er endemisk for Antioquia-departementet i Colombia, og er klassifisert som sterkt truga.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Denne nyleg skilda gjerdesmettarten blei sett inn i slekta Thryophilus i familien Troglodytidae ut frå resultat av analysar av morfologi, læte og genetisk variasjon. Dei næraste slektningane er trudd å vere rustryggsmett, T. rufalbus og santandersmett, T. nicefori, som begge er mykje like i utsjånad.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Frå elvebreidda av Cauca ved Viña Sicilia, Olaya, eit område som kan ha habitat for antioquiasmetten.
Foto: Mónica Londoño Monsalve

Antioquiasmetten er ein mellomstor medlem i familien, ca. 14 centimeter i kroppslengd og masse på rundt 22-23 gram. Fjørdrakta til denne arten skil seg frå slektningane med lysare og meir rein kanelbrunfarga overside, der rustryggsmetten er prega av raudtone, og santandersmett har kaldare brun overside. Dei svarte tverrstripene på venger og hale er finare og den kvite augebrunstripa er ein aning tynnare. Kjønna er like.[1] Antioquiasmetten har ein eintydig song av fløyteliknande tonar, som for andre smettar høglydt og variert. Begge kjønn syng, og dei kan synge duett.[2]

Utbreiingsområdet er estimert til å gjere ut for ca. 1700 km2, arten er funnen langs begge sider av elva Cauca, maksimalt 7 km ut frå elvebreidda, og i ei utstrekkning på ca. 150 km frå byen Ituango i nord opp til Salgar-Concordia, ca, 25 km sørvest for Medellín. Antioquiasmetten lever her av insekt som han beitar på bakken eller opp mot undersida av trekroner i tørre habitat.

Trugsmål og vern[endre | endre wikiteksten]

Populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som kritisk truga.[3] Då manuskriptet for holotypen vart skildra i 2012, var det sterkaste trugsmålet trekt fram den pågåande utviklinga av eit vasskraftprosjekt ved byen Ituango. Ein dam vil overflaume habitat til antioquiasmetten.[2] Planlagt oppstart av elkraftproduksjon er 2019,[4] men delar av demninga er bygd og eit jordskred førte til ei overflauming i april og mai 2018.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Fjeldså, J. (2018) Antioquia Wren (Thryophilus sernai) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 29. september 2018
  2. 2,0 2,1 Lara et al, 2012
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Thryophilus sernai. Henta frå http://www.birdlife.org den 29. september 2018
  4. «ESRS Ituango Hydroelectric Project» (PDF). Empresas Públicas de Medellín E.S.P. Arkivert frå originalen (PDF) 30. september 2018. Henta 30. september 2018. 
  5. «Colombia Ituango Dam Emergency 22 May 2018» (PDF). Relief Web. European Commission. Henta 30. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Antioquiasmett