Antitrinitarisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Antitrinitarisme (av gresk anti 'imot' og latin trinitas 'treeining') er ei retning innan kristendomen og ei nemning for kristne grupper og kyrkjer som fornektar den elles utbreidde kristne læra om at Gud består av tre hypostaser eller personar - Faderen, Sonen (Jesus Kristus) og Anden (Den heilage ande) – i eit og same vesen, såkalla trinitarisk teologi.

Historiske retningar[endre | endre wikiteksten]

Allereie på 100-talet og 200-talet fanst det fleire antitrinitariarar som kritiserte treeiningslæra, som då var under utvikling. Nokre av dei meinte at berre Faderen er Gud, og at Sonen og Anden var upersonlege krefter (dynamisme). Som representantar for denne retninga nemnar ein vanlegvis Theodotos av Bysants og Artemon av Roma og dessutan biskop Paulus frå Samosata i Syria. Andre meinte at Faren i eigen person var blitt menneske og leid døden for syndene til menneska (patripassianisme). Namn knytte til dette synet er Praxeas av Vesle-Asia, Noetos av Smyrna og Beryllos av Bostra i Arabia. Med eit felles namn blei dei kalla monarkianarar, ettersom valspråket deira var monarchiam tenemus (me held fast ved Guds eining). Ei tredje gruppe meinte dei kunne verna om eininga i guddomen gjennom føresetnaden om at dei tre guddomspersonane berre opptrer suksessivt i openberringformer (modi) av det upersonlege gudomsvesenet. Hovudmannen for denne retninga, som hadde tilhengjarar kalla modalistar, var presbyteren Sabellios av Ptolemstis i Afrika.

Arianismen (frå presbyteren Arius av Alexandria, 256–336) lærte under påverknaden av nyplatonismen at Sonen og Anden var skapte vesen og dermed ikkje Gud. Sjølv om Sonen er det mest fullkomne verket til Faderen er dei vesensskilde, og Guds Son blir berre kalla «Son» i same tyding som menneska blir kalla «Guds folk». Faren er altså størst åleine, som Jesus tydeleg vitna om i evangelia (Johannesevangeliet 14:28).

Treeiningslæra som ho ser ut i dag blei fastlagt ved kyrkjemøtet i Nikea i 325, men òg ved det fyrste kyrkjemøtet i Konstantinopel i 381 innan den såkalla «klassiske kristne kyrkja». Bibelen gjev ikkje noko klart svar i spørsmålet om Jesu gudommelegheit, sjølv om både tilhengjarar og motstandarar av Treeiningslæra hevdar at han gjer. Det finst usemje rundt spørsmålet, som var blitt større om ikkje dei leiande patriarkane var blitt samde om spørsmålet på 300-talet.

I reformasjonstida oppstod det (særleg i Italia, Sør-Tyskland og Sveits) ei heil rekkje protestantiske antitrinitariar, òg kalla unitarar (av latin unitas, 'eining'), som òg freista å nedkjempa den kyrkjelege treeininglæra. Dei fremste forfektarane for denne læra var Hetzer, Denck og Campanus og dessutan Miguel Serveto, som blei brunnen på bål i 1553. Den mest utvikla antitrinitariske unitarismen finst hjå socinanane. På 1800- og 1900-talet hadde unitarismen særleg spreidd seg i Nord-Amerika og Storbritannia. Helge Åkeson (1831–1904) var ein svensk antitrinitarisk baptistpredikant i Sverige på 1800-talet.

Moderne antitrinitarisme[endre | endre wikiteksten]

Kjende antitrinitariar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.