Antofagasta-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antofagasta
delstat
Flagg
Symbol
Land  Chile
Del av South America Midwest Integrated Zone
Hovudstad Antofagasta
Areal 126 049,1 km²
Type Region
Folketal 607 534
Folketettleik 4,8 / km²
Kart
Antofagasta-regionen
23°38′39″S 70°24′39″W / 23.644166666667°S 70.410833333333°W / -23.644166666667; -70.410833333333
Wikimedia Commons: Antofagasta Region
Nettstad: offisiell nettstad

Antofagasta-regionen (spansk: Región de Antofagasta) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar tre provinsar, provinsen Antofagasta, El Loa og Tocopilla. Han grensar til Tarapacá-regionen i nord og til Atacama-regionen i sør. I aust grensar han både til Bolivia og til Argentina. Byen Antofagasta er hovudstad og største byen i regionen.

Den viktigaste økonomiske aktiviteten til regionen er kopargruvedrift som nyttar ut gigantiske førekomstar i innlandet.

Klima i denne regionen er ekstremt tørt, om enn noko mindre tørr nær kysten. Nesten heile regionen er blotta for vegetasjon, bortsett frå nær elva Loa og ved oasar som San Pedro de Atacama. Mykje av innlandet er dekt av saltsletter, tefra og lavastraumar, og kysten viser framståande fjellklipper.

Regionen var tynt folkesett av folkegruppene chango og atacama inntil massiv chilensk immigrasjon i samband med ein salpeterboom på siste delen av 1800-talet. Det meste av regionen var det einaste kystområde til Bolivia fram til chilensk overtaking i 1879 ved byrjinga av stillehavskrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I førkolumbisk tid var kystlinja folkesett av nomadiske fiskeklanar av changos-indianarar, og lite er kjent på grunn av svært avgrensa kontakt med dei spanske erobrarane.

Innlandsdelen var folkesett av atacama-kulturen rundt den store tørre saltsjøen Salar de Atacama, Loa- elvebassenget og dalar og oasar over Altiplano, med den viktigaste busetjinga landsbyen San Pedro de Atacama.

Atacama-kulturen vart djupt påverka av tiwanaku-kulturen og fall seinare under inkastyret. Atacama-folket hausta hovudsakleg mais og bønner og utvikla handel så langt som til Amazonasbassenget og stillehavskysten. Chilenske oppdagingsreisande oppdaga rike nitrat- og guanoførekomstar som gav ei massiv chilensk kolonisering av kystlinja. Friksjonen mellom dei nye nybyggjarane frå Bolivia og Chile voks fram til 1879 då stillehavskrigen braut ut. Antofagasta vart permanent annektert av den chilenske regjeringa mot slutten av krigen.

Chilensk kolonisering følgde hovudsakleg frå Norte Chico, dei moderne regionane Atacama og Coquimbo, nordover inn i dei nye territoria Antofagasta og Tarapacá, kjent som Norte Grande.

På byrjinga av 1900-talet vart Antofagasta ein stor base for fagforeiningsrørsler. Regionen heldt fram med å vere økonomisk avhengig av nitratutvinningsindustrien inntil han vart erstatta av kopargruvedrift etter at syntetisk nitrat vart tatt i bruk etter 1930.[1] To av dei største og rikaste dagbrotsgruvene i verda ligg i innlandet av Antofagasta: La Escondida og Chuquicamata.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Langs den chilenske kystfjellkjeda Cordillera de la Costa ligg Atacama-forkastinga. Området i fjellkjeda rundt forkastinga er rikt på jernmalm som utgjer den nordlege delen av det såkalla chilenske jernbeltet.[2] Den gjennomsnittlege nedbøren i Antofagasta er berre 1 millimeter per år. Aust for den chilenske kystfjellkjeda, ligg den sør-sentrale delen av Atacama-ørkenen, den tørraste ørkenen i verda. Lenger mot aust ligg den mindre tørre sentrale andinske tørre puna- økoregionen.[3] Elva Loa er den einaste elva som fører med seg vatn frå Andesfjella gjennom Atacamaørkenen og ikkje tørker fullstendig ut.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Mesteparten av folkesetnaden bur ved kysten i byane Antofagasta og Mejillones, eller i Calama i innlandet, sentrum for gruveindustrien og heimen til ein stor del av arbeidsstyrken.

På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet kom til immigrantar også frå Europa, hovudsakleg kroatarar, italienarar, spanjolar, grekarar, engelske, franske og portugisiske folk, folk frå Levanten og i mindre talet på frå Kina, Japan, Korea, Peru og Bolivia. Ulike immigrasjonsstraumar gjekk saman med kulturen i altiplanoregionen og skapte den moderne kulturen nord i Chile, som utan tvil presenterer fleire Andes- og multieuropeiske trekk enn kultur i Valle Central i Chile og hovudstraum i chilensk kultur.[4]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Antofagasta-regionen er hjartet av gruveindustrien, den viktigaste kjelda til eksportinntekter i Chile. Han representerer 53 % av Chiles gruveproduksjon, leidd av kopar og etterfølgd av kaliumnitrat, gull, jod og litium, noko som svarar til BNP per innbyggjar høgare enn Luxembourg, rekna for regionen isolert. Gruveindustrien står jamleg for meir enn 90 % av eksporten til regionen.[5]

Fiske og vareproduksjon bidreg òg til inntektene til området.

Gruveverksemda har skapt infrastruktur og tenester, som saman med særeigen natur har det opna moglegheiter for reiselivsnæringa, både i innlandet og på kysten. Regionen husar fleire astronomiske observatorium, inkludert Very Large Telescope og Atacama Large Millimeter Array.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Encyclopedia.com Nitrate Industry, henta 21. januar 2023
  2. Tornos, Fernando; Hanchar, John M.; Munizaga, Rodrigo; Velasco, Francisco; Galindo, Carmen (2020). «The role of the subducting slab and melt crystallization in the formation of magnetite-(apatite) systems, Coastal Cordillera of Chile». Mineralium Deposita 56 (2): 253–278. doi:10.1007/s00126-020-00959-9. 
  3. Jan Schipper Central Andean Dry Puna Arizona Center for Nature Conservation/Phoenix Zoo
  4. Stovel, Emily M. (2013). «Concepts of Ethnicity and Culture in Andean Archaeology». Latin American Antiquity 24 (1): 3–20. ISSN 1045-6635. 
  5. oec.world: Antofagasta Observatory of Economic Complexity (OEC) Henta 21. januar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Antofagasta-regionen