Antoine Bourdelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antoine Bourdelle

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 30. oktober 1861
Montauban
Død

1. oktober 1929 (67 år)
Le Vésinet

Yrke bilethoggar, kunstmålar, teiknar, kunstnar
Språk fransk
Sjanger figurativ kunst
Ektefelle Stéphanie Vanparÿs, Cléopâtre Bourdelle-Sevastos
Born Pierre Bourdelle, Rhodia Dufet-Bourdelle
Signatur
Antoine Bourdelle på Commons

Émile Antoine Bourdelle (30. oktober 18611. oktober 1929) var ein fransk bilethoggar og lærar. I mange år arbeidde han som assistent for Auguste Rodin.

'Den bogespennande Herakles' på Prins Eugens Waldemarsudde i Stockholm.
Sappho i Montauban.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bourdelle var fødd i Montauban. Han fekk opplæring i av Alexandre Falguière og seinare Auguste Rodin.

Gjennom virket som lærar fekk Bourdelle stor innverknad på bilethoggarar frå ei lang rekkje europeiske land, USA og Japan som studerte og fekk rettleiing av han. Blant desse var Aristide Maillol, Alberto Giacometti, René Iché, Germaine Richier og svenskane Bror Hjorth, Carl Frisendahl og Hildur Haggård. Nokre av dei norske bilethoggarane som studerte hjå Bourdelle var Aimée Collett Bang Døhlen,[1] Ingemund Berulvson, Nic Schiøll, Rolf Lunde, Hanna Jessen, Stinius Fredriksen og Ståle Kyllingstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anker, Peter; Gran, Henning (1956). «Døhlen, Aimée Collett Bang». Illustrert norsk kunstnerleksikon: stemmeberettigede malere, grafikere/tegnere, billedhoggere. Broen bokhandel. s. 45. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]