Anton Bye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Bye
Fødd 19. november 1832
Trondheim
Død

11. oktober 1918
Trondheim

Yrke politikar, gullsmed, bankkasserer

Anton Bye (19. november 183211. oktober 1917) var ein norsk gullsmed, bankmann og stortingsmann frå Trondheim.

Bye var son til ein smedmeister. Sjølv var han gullsmedsvenn i heimbyen frå 1854 til -83. Sidan var han fram til 1909 kasserar i bank. Han var medlem av bystyret i om lag 20 år, sat i formannskapet 1877-80.

Han var 3. representant på Stortinget frå Trondheim og Levanger perioden 1880-82 og på omframstortinget 1882. 1880-82 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han på omframstortinget var med i traktatkomiteen.

Bye døydde i Trondheim i 1917.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]