Anton Djupvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Djupvik
Fødd6. juni 1881
Død24. mars 1951 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Anton Olai Normann Ingebrigtsson Djupvik (6. juni 188124. mars 1951) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Evenes i Nordland. Mellom 1919 og 1949 representerte han partiet VenstreStortinget i til saman fem valperiodar.

Djupvik var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han utdanna på seminaret i Tromsø, der han tok eksamen i 1901. Etter ei tid som lærarvikar i Kabelvåg i Vågan herad fekk han i 1902 lærarpost i folkeskulen på Fauske i Nordland, aktiv til 1946. I tillegg til lærargjerninga var han frå 1907 gardbrukar på Leivset i Fauske.

Djupvik var medlem av heradsstyret i Fauske i periodane 1916-19, 1922-25 og 1930-41. Frå 1922 til 1945 var han fylkesformann i Nordland Venstre.

Ved stortingsvalet 1918 vann Djupvik tingsetet for einmannskrinsen Søndre Salten. Han nådde ikkje heilt opp då det frå 1921 atter vart fylkesvise stortingsval, men sat som varamann til Stortinget i den komande stortingsperioden. Frå 1925 til 1933 hadde han på ny fast plass i Stortinget. Sidan Venstre gjekk tilbake ved stortingsvala 1933 og 1936 lukkast han ikkje å kome inn på Tinget. Derimot sikra han seg ein femte periode på Stortinget ved valet hausten 1945. Frå 13. desember 1945 og heile fireårsperioden var han formann i Sosialkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. III. bandet.