Anton Fredrik Klaveness (1874–1958)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Fredrik Klaveness
Anton Fredrik Klaveness.jpg
Fødd 29. april 1874
Død

5. november 1958 (84 år)

Yrke forretningsdrivande

 

Anton Fredrik Klaveness (29. april 18745. november 1958) var ein norsk skipsreiar.[1]

Han gjekk inn i familiereiarlaget A. F. Klaveness i 1898, der han etterfølgde far sin Anton Fredrik Klaveness (1839–1904) som direktør. Namnet vart då endra til A. F. Klaveness & Co. AS.

Familiereiarlaget var grunnlagt i Sandefjord allereie i 1799 under namnet Klaveness & Co. AS, basert på seglskuter. Den nye reiaren byrja overgangen frå segl til damp. Etterkvart disponerte reiarlaget ei rekkje dampskip som DS «Storstad», DS «Seierstad» og DS «Stiklestad». Reiarlaget vart etter kvart eit viktig dampskipsreiarlag etter norsk målestokk. I 1907 vart hovudkontoret flytta til Lysaker i Bærum. Selskapet vart omdanna til aksjeselskap i 1916.

I 1918 tok han initiativ til stiftinga av Filharmonisk Selskap og gav store gåvebeløp for drifta. Han var ordførar i representantskapet til Filharmonisk Selskaps Orkester frå 1919 til 1929.

Han innstifta fleire legat for kunstnarar. Sønene Anton Fredrik Klaveness (1903–1981) og Dag Klaveness (1913–1986) stifta Anton og Therese Klaveness reise- og studiestipendium i sitt namn.

Klaveness kjøpte i 1920 Lysebu i Voksenkollen og utvikla staden med Magnus Poulsson som arkitekt. I 1946 selde han eigedomen til særs generøse vilkår til Fondet for dansk-norsk samarbeid etter ei innsamling til eit norsk nasjonalgåve til Danmark som takk for Danskehjelpa med matvarer under andre verdskrigen.

Klaveness vart kommandør av St. Olavs Orden i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klaveness, Thv. (f. 1883) (1951). Sandarslekten Klaveness. Oslo: Cammermeyer. s. 64 ff.