Anton Hysén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Hysén
Anton Hysen.jpg
Fødd 13. desember 1990
Fødestad Liverpool

Anton Hysén (fødd 13. desember 1990) er ein svensk fotballspelar. Han er son til Glenn Hysén, bror til Alexander Hysén og halvbror til Tobias Hysén, som alle er fotballspelarar.

Då Hysén var seks år gamal byrja han å spele for Torslanda IK, etter nokon år gjekk han over til Lundby IF. Då han var 14 år gamal flytta han attende til England for å spele fotball der.

Frå 2004 spelte han for BK Häcken, han hadde lærlingekontrakt med laget sitt A-lag.[1] Sommaren 2009 skreiv han under ein kontrakt med Utsiktens BK som spelte i Division 2 Västra Götaland. I 2014 spelte han for amerikanske Myrtle Beach FC og i 2015 skreiv han kontrakt med Torslanda IK.[2]

I mars 2011 stod Hysén fram som homofil i fotballmagasinet Offside. Den britiske avisa Daily Mail omtalte han som den første høgprofilerte svenske fotballspelaren til å erklæra at han er homofil.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richards, Giles; Christenson, Marcus (13. mars 2011). «Anton Hysen states case for coming out and for his father's speech». The Observer. Henta 13 March 2011. 
  2. http://www.expressen.se/gt/anton-hysen-har-hittat-ny-klubb-kanns-gott/
  3. «Son of former Liverpool star Glenn Hysen becomes first high-profile Swedish footballer to reveal that he's gay». Daily Mail. 9. mars 2011. Henta 9 March 2011. irst high-profile Swedish footballer to announce that he is gay 
Spire Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.