Anton Jenssen (1850-1927)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Jenssen (1850-1927)
Anton Jenssen.jpg
Fødd 18. mai 1850
Trondheim
Død

25. desember 1927
Trondheim

Yrke politikar, handelsmann
Anton Jenssen (1850-1927) på Commons

Anton Jenssen (18. mai 185025. desember 1927) var ein norsk forretningsmann og stortingsmann frå Trondheim.

Han var son av børskommissær Anton Mathias Jenssen og Johanne Catharine Richter og soneson av Hans Peter Jenssen (1797–1868). Hans Peter Jenssen (1848–1902) var bror hans.

Jenssen høyrde til fjerde generasjon av Trondheims-handelshuset Jenssen & Co. Sjølv reiste han utanlands og utdanna seg i handel, han var både i Cumberland i England, Dresden og Paris. Frå 1877 var han ein av eigarane av firmaet Jenssen & Co, og han overtok heile firmaet i 1892. Han var børskommissær frå 1893, framleis i Trondheim. Jenssen var styreformann for Nordenfjeldske dampskipsselskap, direktør i Trondhjems privatbank og Trondhjems sparebank. Han var også direktør i Trondhjems Aktietrælastkompani og i A/S Norske Alliance. Han var medlem av formannskapet i Trondheim frå 1882 til -88.

Jenssen var 1. representant frå Trondheim og LevangerStortinget 1889-91, der han var medlem av næringskomite nr 2.

Han vart kommandør av St. Olavs Orden i 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]