Anton Mikal Bjørnaali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Mikal Bjørnaali
Fødd1867
Død1949
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Anton Mikal Bjørnaali (18671949) var ein norsk målmann og stortingsmann.

Bjørnaali verka som lærar i Vefsn og Mosjøen då han i 1900 vart vald inn på Stortinget som ein av Venstre sine representantar frå Nordland. Bjørnaali møtte på Stortinget i tre periodar, til 1909. Med sterk tilknyting til målrørsla og ungdomslagsrørsla høyrde han til den nasjonalradikale fløya i Venstre. I 1905 høyrde han til det vesle mindretalet som røysta mot å godkjenne Karlstadforliket.

Bjørnaali var fyrste formann i Vefsn Mållag (1899).

Frå 1910 budde han i Langesund og seinare Lillehammer, som lensmann, banksjef og skattefut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]