Anton Odin Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Odin Eriksen

Fødd9. juli 1865
Trondheim
Død18. november 1928 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, politijurist
Alle verv

Anton Odin Eriksen (9. juli 186518. november 1928) var ein norsk jurist frå Trondheim og Høgre-politikar.

Eriksen var son til ein underinspektør ved Trondhjems landsfængsel. Sjølv tok han studenteksamen ved katedralskulen i Trondheim 1884 og juridisk embetseksamen i 1890. Han var sorenskrivarfullmektigNordmøre 1890–95 og politifullmektig i heimbyen frå 1895 til 1911. Som politifullmektig var han tidvis konstituert fut i Strinda og Selbu samt byfogd og politimeister i Trondheim. Deretter var han statsadvokat i Nordlands amt 1911–13 og politiinspektør i Kristiania 1913–21. I 1921 vart han utnemnd til politimeister i Bergen.

Eriksen var medlem av Trondheim bystyre som konservativ representant for Edruelighetsvennenes parti 1901–07 og forlikskommissær i Trondheim 1907–11. Perioden 1910-12 representerte han valkrinsen Kalvskinnet og LevangerStortinget. Han vart vald til tingmann som kandidat for Høgre på ei fellesliste med Frisinna Venstre, og var medlem av Stortinget sin gasje- og pensjonskomité. Eriksen var også medlem av Den departementale komitéen av 1912 om den militære rettspleia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]