Anton Sjipulin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Sjipulin

Anton Shipulin Kontiolahti 2010.jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 21. august 1987
Tjumen
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar
Anton Sjipulin i 2014

Anton Vladimirovitsj Sjipulin (fødd 21. august 1987) er ein russisk skiskyttar frå Tjumen i Tjumen oblast, som var ankermann på Russland sitt lag som vann gullmedalja i 4 x 7,5 km stafett under Vinter-OL 2014 i Sotsji. Han har elles vunne to individuelle VM-sølv og like mange individuelle VM-bronsar i åra 2012-15, samt OL-bronse i stafett i 2010 og VM-sølv i same i 2011.

Frå januar 2011 til januar 2016 har Sjipulin vunne åtte individuelle renn i verdscupen i skiskyting. Han enda på andreplassen i verdscupen i skiskyting 2015, bak Martin Fourcade frå Frankrike.

Også Sjipulins eldre syster, Anastasija Kuzmina, har vore skiskyttar på internasjonalt toppnivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]