Anton Skulberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Skulberg
Fødd29. desember 1921
Christiania
Død30. august 2012 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, veterinær
Utdanna vedVeterinærhøgskulen
BarnPer Kristian Skulberg
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Europarådets parlamentarikerforsamling
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1969–1973)
  • Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1972–1973)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1970–1972)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (1974–1977)
  • stortingsrepresentant (1973–1977) Sjå dette på Wikidata

Anton Skulberg (29. desember 192130. august 2012) var ein norsk veterinær-professor og politikar for Senterpartiet, fødd i Oslo. I 1972-73 var han kyrkje- og undervisningsminister i Korvald-regerjinga.

Skulberg utdanna seg til veterinær, tok eksamen i veterinærmedisin i 1949. Frå 1961 var han førsteamanuensis ved Institutt for næringsmiddelhygiene og forskningsleiar av Forskningsutvalet for konservar. I 1965 tok han doktorgraden på Norges veterinærhøgskule på avhandlinga Studies on the formation of toxin by clostridium botulinum. År 1970 vart han utnemnd til professor i næringsmiddelhygiene ved Norges veterinærhøgskule og året etter til direktør for Norsk institutt for næringsmiddelforskning.

I 1964 vart Skulberg vald til ordførar i Spydeberg kommune, dermed var han også medlem av fylkestinget i Østfold. Frå 1969 var han stortingsrepresentant for Senterpartiet i Østfold. Hausten 1972 vart han leiar for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Lars Korvald si mindretalsregjering beståande av Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Skulberg gjekk tilbake til Stortinget etter stortingsvalet 1973. I den andre og siste stortingsperioden sin, 1973-77, var han medlem av kommunal- og miljøvernkomiteen.

Skulberg vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]