Antonello Carozza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonello Carozza
Fødd5. juli 1985
FødestadCampobasso i Italia
FødenamnAntonio Carozza
AliasAntonello Carozza
OpphavItalia
Aktiv2004–i dag
SjangerPop, rock og jazz
InstrumentVokal og piano
Verka somSongar, låtskrivar, komponist, musikkprodusent, pianist og røystpedagog

Antonio Carozza (fødd 5. juli 1985 i Campobasso), betre kjend som Antonello Carozza, er ein italiensk songar, låtskrivar, komponist, musikkprodusent, pianist og røystpedagog.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Evrovidenie-2010[endre | endre wikiteksten]

Carozza deltok i Evrovidenie-2010, den russiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg, med songen «Senza respiro». Han deltok under namnet Antonello Carozza, og songen vart framført på italiensk. Bidraget enda på åttandeplass.

OGAE Second Chance Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

Bidraget i den russiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2010 vart vald ut av medlemmar i OGAE Russland til å representere Russland i OGAE Second Chance Contest 2010 i Køpenhavn i Danmark. Bidraget enda på 15. plass med 11 poeng; fem frå Malta, tre frå Aserbajdsjan, to frå Armenia og eitt frå Andorra.

Junior Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Saman med Massimiliano Messieri, Michele Perniola og Piero Romitelli skreiv han det sanmarinske bidraget i Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina. Songen, «O-o-O Sole intorno a me», vart vald av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino, og framført på italiensk av Perniola. Carozza deltok denne gongen under fødenamnet Antonio Carozza. San Marino enda på tiandeplass med 42 poeng; fire frå Armenia og Russland, tre frå Kviterussland og Georgia, to frå Aserbajdsjan, Malta, Moldova, Sverige og Nederland og eitt frå Ukraina. San Marino fekk i tillegg fem poeng frå barnejuryen og kvart land fekk tolv bonuspoeng for å unngå at nokon ville ende opp utan poeng. Det var fyrste gongen San Marino deltok i ein Eurovision-finale.

Junior Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

Han skreiv «Breaking My Hearts» for San Marino til Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta.[1] Songen vart skriven saman med Luca Medri, Chris Lapolla og The Peppermints.[1] The Peppermints framførte songen i finalen, og enda på 15. plass med 21. poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[1] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: L'amore è un'equazione

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Capirò Crescerai
  • 2006: L'amore è un'equazione av Antonello Carozza|L'amore è un'equazione
  • 2009: 27 angeli
  • 2010: Senza respiro
  • 2012: Meraviglia Italiana

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «About The Peppermints» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 22. november. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]