Antonietta Di Martino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Antonietta Di Martino (fødd 1. juni 1978) er ein italiensk høgdehoppar frå Cava de' Tirreni. Ho vann ein sølvmedalje i øvinga ved verdsmeisterskapen 2007 og bronsen ved verdsmeisterskapen 2011.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Di Martino forbetra i 2000 sin personlege rekord med ti centimeter til 1,88 meter, sesongen etter med ytterlegare ti centimeter til 1,98 m. Deretter måtte ho vente til 2007 før ho forbetra seg, og då til 2,03 meter.

Ved innandørs-EM 2007 i Birmingham kom Di Martino på andreplass med 1,96 m, Blanka Vlašić vann tevlinga. Den 18. juni svinga Di Martino seg over 2,02 m i Torino, ho sletta dermed Sara Simeoni sin 29 år gamle landsrekord i høgdehopp. Allereie 24. juni flytta ho rekorden til 2,03 meter då ho i Milano vann øvinga under Europacupen for landslag. Like høgt hoppa ho i VM-finalen 2. september 2007 i japanske Osaka, ein prestasjon som lønte henne med sølvmedalje jamsides Anna Tsjitsjerova. Blanka Vlašić hoppa 2,05 m og vart verdsmeister.

Sommaren 2009 kneip Di Martino fjerdeplassen i verdsmeisterskapen i Berlin. Den 9. februar 2011 presterte Di Martino sitt livs høgste hopp, med 2,04 meter sigra ho ved eit innandørs-stemne i Banská Bystrica. Få veker seinare i Paris vart ho europameister innandørs ved å gå over 2,01 m. Under Friidretts-VM 2011 i Daegu tok ho bronsemedaljen med eit hopp på 2,00 m, den einaste medaljen som gjekk til Italia i meisterskapen. Tidleg våren 2012 tok ho andreplassen i hall-VM i Istanbul. Ho deltok ikkje i Sommar-OL 2012.

Di Martino vart italiensk meister i høgdehopp i 2000, 2001, 2006, 2007, 2008 og 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]