Antonina Krivosjapka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonina Krivosjapka


Statsborgarskap Russland
Fødd 21. juli 1987 (36 år)
Rostov-na-Donu
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse

Antonina Vladimirovna Krivosjapka (fødd 21. juli 1987) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Rostov-na-Don. Ho vann bronsemedaljen på 400 meter både under VM 2009 og EM 2010. Elles i perioden 2009-13 vart ho tildelt VM-bronsen på same distansen i 2013, og heile fem internasjonale medaljar i 4 x 400 m stafett, men alle desse medaljane vart ho frådømt i åra 2016-17.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Krivosjapka vart i 2009 russisk meister på 400 meter i Tsjeboksary, i semifinalen vart ho klokka inn på 49,29 sekund, den nest beste tida i verda det året. Under verdsmeisterskapen i Berlin i august same året tok ho bronsen på 49,71, bakom Sanya Richards og Shericka Williams. I same meisterskapen sprang ho Russland inn til tredjeplass i 4 x 400 m stafett.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Årleg 2010-13 sørgde Krivosjapka og ulike lagvenninner for vidare medaljesanking i stafett: EM-gull 2010, VM-bronse 2010, OL-sølv 2012 og VM-gull på heimebane 2013. Då dopingprøvene til alle desse utøvarane vart retesta, viste det seg at anten hennar eller andre sine prøver viste spor av ulovlege middel. Dermed annullerte IAAF og IOK etter tur alle hennar stafettmedaljar og den individuelle VM-bronsen frå 2013.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]