Antonio Bazzini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Antonio Bazzini.

Antonio Joseph Bazzini (fødd 11. mars 1818 i Brescia, død 10. februar 1897 i Milano) var ein italiensk komponist, fiolinist og musikkpedagog. Av eigne verk er det kammermusikken som har gjort han fortent til ein sentral plass i den italienske instrumentalrenessansen på 1800-talet. I samtida var han kjend som ein av århundrets beste konsertfiolinistar, noko som overskygga komponistkarrieren hans. Han skreiv også ein del av Messa per Rossini, dødsmessa som vart skriven til Gioacchino Rossini. Bazzini spela på ein fiolin av Giuseppe Guarneri.

Liv og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Som ung gut var Bazzini musikkelev under Faustino Carnisani, og 17 år gamal vart han sett til organist i ei kyrkje i heimbyen. Året etter fekk han møta fiolinvirtuosen Niccolò Paganini, og vart sterkt influert av den gamle meisterens kunst og stil. Paganini oppmuntra Bazzini til å ta til konsertkarrieren same året, og han vart raskt ein høgt akta musikar. Frå 1841 til 1845 oppheldt han seg i Tyskland, der han imponerte både Robert Schumann og Felix Mendelssohn som komponist og fiolinist. Etter eit kort opphald i Danmark i 1845, vendte Bazzini heim til Brescia for å undervisa og komponera. I 1846 heldt han konsertar i Napoli og Palermo, han reiste på turné i Spania i 1849-50, og budde deretter i Paris frå 1852-63. Han avslutta konsertkarrieren med ein turné i Nederland i 1864.

Nok ein gong vende Bazzini heim til Brescia, og vigde no tida si til komposisjon. Han komponerte operaene Il silfo e l'innamorato (1865) og Turanda (1867), samt ei rekkje dramatiske kantater, religiøse verk, konsertouverturar og symfoniske dikt dei neste to tiåra. Men han hadde størst suksess som komponist med kammermusikken. Musikken hans er kjenneteikna av sterkt virtuos teknikk som er ekspressiv, men ikkje sentimental. Hans Strykekvartett nr. 1 (1864) vann fyrsteplassen i Milano Kvartettsamfunn det året. I 1868 vart han president i Società dei Concerti i Brescia, og i 1873 vart han professor i komposisjon ved musikkonservatoriet i Milano, der han underviste m.a. Alfredo Catalani, Pietro Mascagni, Emilio Pizzi og Giacomo Puccini. Sistnemnte hadde han stor musikalsk innverknad på. I 1882 vart han også direktør ved konservatoriet. Bazzini døydde i Milano i 1897.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]