Hopp til innhald

Antonio Canova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonio Canova

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1. november 1757
Possagno
Død

13. oktober 1822 (64 år)
Venezia

Yrke bilethoggar, arkitekt, kunstmålar, teiknar, gravør
Sjanger figurativ kunst, akt, bilethoggarkunst, allegori, figure, mytologisk maleri, portrett, religiøs kunst, dyrekunst
Medlem av Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen, Accademia di San Luca, Académie des beaux-arts
Antonio Canova på Commons

Antonio Canova (1. november 175713. oktober 1822) var ein italiensk bilethoggar og ein av hovudrepresentantane for den italienske nyklassisismen.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Antonio Canova var fødd i Possagno ved Bassano som son av ein steinhoggar. Faren døydde då Antonio var tre år gammal, og han voks opp hjå ein onkel. Då han var 14 år gammal byrja Canova i lære hos den venetianske bilethoggaren Giuseppe Bernardi, som kalla seg Torretti, etter sin eigen læremeister.[1] Etter at meisteren døydde i 1773 arbeidde Canova vidare for nevøen til Bernardi, bilethoggaren Giovanni Ferrari, som også hadde vore lærling hos Torretti.[2][3]

I 1775 starta Canova for seg sjølv i Venezia. Figurane han formgav i denne tida hadde mange likskapstrekk med figurane i Tiepolo sine freskar.

I 1779 vitja kunstnaren Roma, og året etter flytta han dit for godt. Han fekk kontakt med ein internasjonal, og fyrst og fremst britisk, gruppe kunstnarar, arkeologar og teoretikarar, og byrja å utvikla ein ny, streng og kompromisslaus idealistisk skulpturstil. I 1787 fullførte han monumentet over pave Klemens XIV i kyrkja Santi Apostoli i Roma. Dette førte til at han fekk internasjonal merksemd og dessutan talrike bestillingar, mellom anna monumentet over pave Klemens XIII (1792) i Peterskyrkja.

Som overoppsynmann over kunstskattane til Kyrkjestaten frå 1802 var han i 1815 ansvarleg for tilbakeføringa av kunstverk stolne av Napoleon.

  1. Mothes, Oscar (1860): Geschichte der Baukunst und Bildhauerei Venedigs: Kunst der neuern Zeit, bind 2, Friedrich Vogt, Leipzig
  2. Mothes, Oscar (1860): Geschichte der Baukunst und Bildhauerei Venedigs: Kunst der neuern Zeit, bind 2. Friedrich Vogt, Leipzig, s. 332, 305
  3. Meyers Großes Konversations-Lexikon, bind 3, Leipzig 1905, Stichwort Canova

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Antonio Canova