Antonio Cesti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antonio Cesti
Fødd Døypt 5. august 1623, Arezzo i Italia
Død 14. oktober 1669 (46 år), Firenze
Periode Barokken
Sjanger Opera, vokalmusikk
Yrke Komponist, songar og organist

Antonio Cesti (162314. oktober 1669) var ein italiensk komponist, songar (tenor) og organist i barokken. Han var den mest hylla italienske musikaren i sin generasjon.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Arezzo og studerte med forskjellige lokale musikarar. I 1637 vart han medlem av fransiskanarordenen. Medan han var i Volterra vendte han seg mot verdsleg musikk, truleg verna av den mektige Medici-familien. Her kom han òg i kontakt med Salvator Rosa, som skreiv librettoar for mange av kantatane til Cesti. I 1650 vart Cesti munk og suksessen som songar og operakomponist kom i konflikt med denne rolla, og han fekk ein offisiell reprimande. I 1652 vart han medlem i hoffet til erkehertug Ferdinand Karl i Innsbruck. Han hadde òg ein post ein stad i Firenze som maestro di cappella, og han fekk ein post i pavekapellet i 1660. I 1666 vart han vise-kapellmeister i Wien og døydde i Firenze i 1669.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Scenografi for Il pomo d'oro

Cesti er hovudsakleg kjend som operakomponist. Dei mest hylla av desse var La Dori (Venezia, 1663), Il pomo d'oro (Wien 1668) og Orontea (1656). Il pomo d'oro (Det gyldne eplet) vart framført for bryllaupet til keisar Leopold I. Denne var langt meir utførleg enn andre venetianske operaer, og omfatta eit stort orkester, fleire kor og forskjellig mekanisk utstyr til å senke ting som gudar ned frå himmelen på scenen, (deus ex machina), sjøslag og stormar. Orontea vart fornya sytten gonger dei neste tretti åra, og vart ein av dei mest framførte operaene på midten av 1600-talet. Sjølv Samuel Pepys eigde ein kopi av operaen.

Cesti komponerte òg kammerkantater og operaene hans er kjende for den reine og delikate stilen med air-satsane, som høvde meir for kammermusikk enn for scenen. Han skreiv i bel canto-stilen frå 1600-talet og komposisjonane hans var kraftig påverka av karrieren hans som profesjonell songar. Komponeringa hans var sterkt prega av den utviklande tonaliteten på denne tida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]