Antonio Pettigrew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antonio Pettigrew
Fødd 3. november 1967
Macon
Død

10. august 2010
Chatham County

Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Antonio Pettigrew (3. november 196710. august 2010) var ein US-amerikansk friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 400 m. Han vart verdsmeister på 400 meter under VM i friidrett 1991 i Tokyo. I same meisterskapen fekk han sølvmedalje på 4x400 meter stafett. Han var fødd i Macon i delstaten Georgia i USA.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pettigrew vann den US-amerikanske studentmeisterskapen fire gongar dei åra han gjekk på høgskule i Raleigh i Nord-Carolina. Han deltok på nivå to sidan han ikkje hadde råd å delta på høgste nivå. I 1988 sprang han for fyrste gong under 46 sekundar på 400 m, med 45,36 som bestetid for sesongen. Sesongen etter slo han gjennom og presterte sterke 44,27 under eit stemne i Houston, noko som vart ståande som hans personlege rekord på distansen.

Etter ein mellomsesong i 1990, kom Pettigrew tilbake i 1991 og presterte 44,36 i New York. Han fekk plass på USA sitt 400 meter-lag til VM i friidrett 1991 i Barcelona. Der gjekk han heilt til topps med tida 44,57, fem hundredelar føre briten Roger Black og seks hundredelar framfor sin eigen landsmann, Danny Everett. På den øvsluttande øvinga, 4x400 m stafett, sprang han ankeretappen, men måtte sjå seg slått av Storbritanninas ankermann Kriss Akabusi med 0,04 sekundar.

Pettigrew presterte gode tider både i 1993 og 1994, og gjorde det godt i enkelte internasjonale tevlingar. Sidan trappa han ned satstinga på friidrett, før han kom tilbake på USA sitt stafettlag på 4x400 m under VM i friidrett 1997 i Athen. Her sprang han andreetappen for USA som kom i mål på bestetida 2.56,47. Laget var tildelt gullmedaljane, slik som då USA med Pettigrew på laget vart verdsmeister i same øvinga i 1999, olympiske meistrar i 2000 og atter verdsmeistrar i 2001.

Etter Pettigrew i mai 2008 innrømma doping gjennom bruk av EPO og veksthormonar [1], vart USA fråtekne alle desse sigrane frå 1997-2001, endå om det internasjonale friidrettsforbundet ikkje hadde reglar for i ettertid å gå til eit slikt steg.

10. august 2010 vart Pettigrew funnen død i bilen sin i Chatham County i Nord-Carolina. Obduksjonsrapporten konkluderte med at han døydde av ein overdose difenhydramin. Pettigrew arbeidde som assistenttrenar ved 'University of North Carolina' då han døydde.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]