Antonio de Cabezón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonio de Cabezón
Fødd30. mars 1510
FødestadCastrillo dei Matajudíos ved Castrojeriz i Spania
Død26. mai 1566 (56 år)
DødsstadMadrid i Spania
OpphavSpania
SjangerRenessansemusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist, organist

Antonio dei Cabezón (fødd 30. mars 1510 i Castrillo dei Matajudíos ved Castrojeriz, død 26. mai 1566 i Madrid) var ein spansk komponist og organist. Han vert rekna som ein av dei viktigaste spanske komponistane for for klaviaturinstrumenter.

Cabezón var blind frå barndommen av. Han vart utdanna i Palencia av organisten García dei Baeza. Som hofforganist hos Karl V av Det tysk-romerske riket og seinare Filip II av Spania gjorde han to reiser gjennom heile Europa (1548–1551 og 1554–1556) og lærte viktige musikarar ved andre hoff å kjenne. Påverknadane gjekk openbert begge vegar; Cabezón gav eit vesentleg bidrag til utviklinga av klaviaturmusikken. Han gifta seg i 1538 og flytta til Ávila, der kona kom frå. Dei fem barna deira fekk seinare høge posisjoner ved det spanske hoffet til Filip II. Då Madrid vart sete for kongehoffet og spansk hovudstad, flytta Cabezón etter og budde der til han døydde.

Av Cabezóns verk finn ein mange intabuleringar, dvs. omarbeidingar av polyfon vokalmusikk for klaviaturinstrument (særleg verk av Josquin Desprez), nokre tientoar i Josquins stil og variasjonar (diferencias) over populære dansestykke. Cabezóns musikk er kjenneteikna av ein velutvikla polyfoni og ein måte å skrive for klaviaturinstrument som gjer at musikken òg kan spelast på harpe eller vihuela.

Titelside på eit av Cabezón sine verk

Sonen Hernando gav i 1578 ut dei samla verkene til faren, slik at Cabezóns musikk kunne fungere som førebilete for dei etterfølgjande organistgenerasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]