Antonio del Pollaiolo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonio del Pollaiolo

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 17. januar 1429
Firenze
Død

4. februar 1498 (69 år)
Roma

Yrke kunstmålar, bilethoggar, gravør, grafikar, arkitekt, teiknar, gullsmed, medaljør
Språk italiensk
Antonio del Pollaiolo på Commons
Strid mellom nakne menn, ca 1474
Apollon og Dafne, 1470-80

Antonio di Jacopo d'Benci, meir kjend som Antonio del Pollaiolo (ca 14314. februar 1498) var ein italiensk målar, bilethoggar, gravør og gullsmed under ungrenessansen. Også broren Piero del Pollaiolo var ein framifrå målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Pollaiolo var fødd i Firenze, der faren lærte han opp til gullsmed. Som målar var han truleg elev av Andrea del Castagno. Tidvis gjennom livet delte han verkstad med broren Piero, verka til dei to er sterkt inspirert av antikken. I fylgje Giorgio Vasari utførte dei to brørne disseksjonar for å forstå korleis menneskekroppen er oppbygd, og var på den måten tidlege representantar for den florentinske renessansens kombinasjon av vitskap og biletkunst.

Pollaiolos meisterverk er måleriet Helgenen Sebastians martyrium, måla kring 1473-75. Dette biletet viser ein til dels ny måte å framstille menneskekroppen på, med tydeleg muskulatur. I stikket Strid mellom nakne menn frå omkring 1474, eit verk inspirert av Andrea Mantegna, er handlinga endå meir valdeleg og der muskelstrukturen vert framvist fullt ut. I dei to måleria Apollon og Dafneog Herkules og Antevs har han plassert figurane i eit lyrisk landskap, men det er det kroppslege og ikkje topografien som spelar hovudrolla.

Frå 1484 arbeidde Antonio del Pollaiolo med å utsmykke grava til pave Sixtus IV i Peterskyrkja i Roma. Her arbeidde han med å forme bronsefigurar. Straks før han døydde fullførte han arbeidet med mausoleet over pave Innocens VIII. Måten han utforma dette gravminnet kom til å verte kopiert på mange gravmonument i ettertida.

Pollaiolo døydde i Roma som ein rik mann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]