Antony Beevor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antony Beevor

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. desember 1946 (77 år)
Kensington
Yrke militærhistoriker, romanforfattar, historikar, faglitterær forfattar, forfattar, skribent
Medlem av Royal Society of Literature
Far John Grosvenor Beevor
Mor Kinta Beevor
Ektefelle Artemis Cooper
Born Eleanor Beevor, Adam Beevor
Antony Beevor på Commons

Antony Beevor[a] (fødd 14. desember 1946) er ein britisk forfattar og historikar. Han er utdanna ved Winchester College og Sandhurst og tenestegjorde som offiser i den britiske hæren i Storbritannia og Tyskland i åra 1967–1970.

Som forfattar av historiske verk er bøkene til Beevor kjenneteikna av utstrekt bruk av kjelder og den omfattande tilgangen hans til arkivmaterial. Samstundes er forteljarteknikken hans slik at lesaren òg følgjer individuelle skjebnar og opplevingar. Den omfattande dokumentasjonen hans av dei sovjetiske overgrepa både i Stalingrad, men særleg i Tyskland, medførte kritikk frå Russland.

Bøkene til Beevor er omsette til 30 språk og selt i 6 millionar eksemplar.[1]

Nyårsaftan 2016 vart Beevor utnemnd til Knight Bachelor.[2] Han vart dermed opphøgd i riddarstanden og fekk rett til å føra tiltaleforma sir føre namnet.

Beevor vart i 1997 gjort til riddar av den franske Ordre des Arts et des Lettres. I 2008 vart han tildelt den estiske Terra Mariana-ordenen, og i 2016 vart han kommandør av den belgiske Kroneordenen.[3]

Bibliografi - historiske verkar[endre | endre wikiteksten]

  • The Spanish Civil War, 1982
  • Inside The British Army, 1990
  • Crete – The Battle and the Resistance, 1991
  • Paris after the Liberation 1944-1949, 1994, skriven med ektefellen Artemis Cooper, norsk utgåve Paris – Etter frigjøringen 1944-1949, 2005
  • Stalingrad, 1998, Norsk utgåve 2002
  • Berlin – The Downfall 1945, 2002,[4] norsk utgåve Berlin – nederlaget 1945 ISBN 82-04-09992-4 2003
  • The Mystery of Olga Chekhova, 2004, norsk utgåve 2004
  • The Battle for Spain: The Spanish Civil War 1936-39, 2006, norsk utgåve 2006
  • D-Day: The Battle for Normandy, 2009, norsk utgåve 2009
  • The Second World War, 2012, norsk utgåve 2012
  • Ardennene 1944 Hitlers siste sjansespel norsk utgåve 2015 ISBN 9788202482282

Bibliografi - romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Violent Brink, 1975
  • The Faustian Pact, 1983
  • For Reasons of State, 1980
  • The enchantment of Christina von Retzen, 1989

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Beevor blir uttalt bi:vʌ

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten Historie nr. 11 2015
  2. The London Gazette, Supplement 61803, 31. desember 2016, s. N2.
  3. «Antony Beevor - Biography», antonybeevor.com, besøkt 31. desember 2016.
  4. http://www.age-of-the-sage.org/history/historian/Antony_Beevor.html