Antrakinon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturen til antrakinon

Antrakinon er ei gul krystallinsk kjemisk sambinding med kjemisk formel C14H8O2 og smeltepunkt på 285 °C. Ho vert særskilt framstilt frå ftalsyreanhydrid, men kan òg framstillast ved oksidasjon av antracen. Antrakinon er, som namnet seier, eigentleg eit kinon, men kinonkarakteren (til dømes den oksiderande evna) er lite framtredande. Antrakinon dannar utgangspunkt for framstilling av mange viktige fargestoff (særleg alizarinfargestoff) og vert elles nytta i organisk syntetisk industri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]