Antsiferov

Koordinatar: 50°12′N 154°59′E / 50.20°N 154.98°E / 50.20; 154.98
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antsiferova/Sjirinki
fjell
Land  Russland
Område Kurilane
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 761 moh.
Areal km²
Folketal 0 (2010)
Siste utbrot ukjend
Koordinatar 50°12′N 154°59′E / 50.20°N 154.98°E / 50.20; 154.98
Kart
Antsiferov
50°12′00″N 154°59′00″E / 50.2°N 154.98333333333°E / 50.2; 154.98333333333
Antsiferov i Kurilane
Antsiferov i Kurilane
Antsiferov i Kurilane
Wikimedia Commons: Antsiferov

Antsiferov (russisk Остров Анциферова, Ostrov Anitsiferova), òg kalla Sjirinki (Ширинки), er ei lita folketom øy i Kurilane. Ho høyrer til den nordlege øygruppa, og ligg om lag 15 km frå sørenden av Paramusjir på andre sida av Luzjinsundet og 140 km frå sørenden av Kamtsjatkahalvøya. Antsiferov er ein nesten sirkelforma stratovulkan med ein diameter på 4,25 km. Kanten av krateret er 761 meter over havet. Administrativt høyrer øya til distriktet Severo-Kurilskij i Sakhalin oblast.

Satellittbile av Antsiferov.

Øya er kalla opp etter kosakkutforskaren Danila Antsiferov, som først skildra henne då han reiste langs dei nordlege Kurilane tidleg på 1700-talet.

På sørenden av Antsiferov ligg det fem store område der stellersjøløver kjem for å treffe ein make (om lag 600 dyr held til her). Sidan det ikkje er rovdyr på øya er det òg særs store fuglekoloniar med havhest og lundefugl, som hekkar i fjellsidene. Det er òg mykje krykkje og polarlomvi i klippene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]