Antvorskov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Antvorskov kloster)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°23′28″N 11°21′46″E

Ein del av klosterruinane.
Foto: Nils Jepsen (2012)
Antvorskov kloster og slott, 1749. Frå Nordens Historie av Niels Bache, 1885.

Antvorskov var eit klosterSjælland i Danmark, i det som no er Slagelse kommune. Klosteret vart skipa rundt 1164 av Valdemar I, som kloster for Johannittarordenen.[1] Frå 1580 vart klosteret kongeleg len og bygd om til slott av Fredrik II.[1] Han døydde også her åtte år seinare.[2]

I ein del år frå 1717 og framover vart Antvorskov ryttardistrikt før det gjekk over til private i 1774. Bygningane vart heilt eller delvis rivne og først gravne fram igjen på slutten av 1800-talet.[1] Området framstår som ruinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Johannes Hertz, Peter Kühn-Nielsen. «Antvorskov Kloster». Den Store Danske (dansk). Gyldendal. Henta 17. mars 2017. 
  2. Øystein Rian. «Frederik 2». Norsk biografisk leksikon. Henta 17. mars 2017.