Anund Jakob

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anund Jakob
Anund Jakob.png
Fødd 24. juli 1008 (juliansk)
Død

8. oktober 1050

Yrke monark
Tittel Konge i Sverige
Periode 1022-1050
Føregangar Olof Skötkonung
Etterfylgjar Emund den gamle
Anund Jakob på Commons
Mynt prega for Anund Jakob

Anund Jakob Olofsson (Önundr Óláfsson) var svensk konge i tida 1022 til om lag 1050. Opplysningar om han finn vi i dei norrøne kongesogene, i Soga om Olav den heilage[1] og i Fagerskinna[2].

Familie og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Anund Jakob Olofsson vart fødd omkring år 1007. Snorre opplyser at han vart teken til konge i Sverige om lag år 1019, medan faren, Olof Skötkonung, enno levde. Frå 1022 styrte han som einekonge til han døydde, om lag år 1050. Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen (kap.59) omtalar han slik: .. i visdom og fromheit var han likevel større enn alle som var før han.

Mor hans var Estrid (eller Astrid), fødd ca 979, død ca 1035. Ho var frå Vendland, dotter til ein slavisk (obotrittisk) hovding. Syster til Anund var Ingegerd som var gift med Jaroslav I av Kiev. (ref Adam av Bremen kap.39)

I soga om Olav den heilage fortel Snorre (kap.88), at Anund Jakob vart fødd Jakobsdagen (25. juli) og i dåpen fekk han difor namnet Jakob. Snorre fortel vidare at då sveane skulle velje han til konge, tykte dei ikkje at Jakob var noko namn som høvde til ein svensk konge, og dei gav han namnet Anund (norrønt: Ǫnundr). Anund Jakob var berre om lag 15 år gamal då han vart einekonge. Medan faren, kong Olof, var ein motstandar av kong Olav Haraldsson i Noreg, kom Anund Jakob under påverknad av den norske kongen. Kong Olav var gift, truleg i 1019, med Astrid, Anund Jakob si halvsyster (ho var frilledotter til kong Olof).

Kjeldene er usikre, men truleg var Anund Jakob gift med Gunnhild, dotter åt ladejarlen Svein Håkonsson og Holmfrid Eiriksdotter. Gunnhild og Anund var i så fall syskenborn. I Knytlinga Saga[3] blir det fortalt at kong Svein Estridsson i Danmark var gift med Gunnhild, ei dotter av Svein Håkonsson Ladejarl. Adam av Bremen nemner (tillegg 66) at dronning Gunnhild var enke etter kong Anund.

Krig mot Danmark[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av si regjeringstid var Anund Jakob sterkt påverka av den eldre, og meir krigsvande verbroren, kong Olav Haraldsson i Noreg. I åra 1025/1026 gjekk han i allianse med kong Olav og var med på eit angrep mot Danmark. Etter at dei først hadde herja omkring i Danmark, kom det til ein krig mot hærflåten til den dansk/engelske kongen Knut den store, som enda med slaget ved Helgeå. Slagstaden, og hendingane omkring dette slaget, er omdiskutert, men det kan sjå ut til at Anund Jakob ved dette høvet miste styringa med ein del av riket sitt (truleg Blekinge). Det er etter denne tida at kong Knut kallar seg «konge over ein lut av Sverige»[4] og ein kjenner til at han gjorde mynt med namnet CNVT REX SW (Cnut rex sveorum).

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Anund Jakob Olafsson (Önundr Óláfsson) er nemnt i Skaldatal[5], der skaldane Sigvat Skald og Ottar Svarte er knytt til han.

Ein gong i tida 1036-1042 gjorde ein svensk hovding Ingvar den vidfarne eit hærtog mot Svartehavet, omtala som «Ingvarstoget»[6]. Truleg var denne ferda støtta av kong Anund Jakob. (eller halvbroren Emund?)

I kongelistene for Den eldre Vestgøtalova[7] blir han kalla «Emund Kolbrennaren» (svensk «Kolbränna») då han skal ha vore kjend for å straffe lovbrytarar ved å brenne husa deira ned til kól. Anund Jakob vart etterfølgt av halvbroren Emund den gamle.

I oversikt over svenske regentar[8], er Anund Jakob ført opp som tredje kongen i Sverige, med regjeringstid frå om lag 1022 til 1050.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav den Heilage kap. 88-94
  2. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)kap. 35,41-43
  3. Knytlinga Saga kap. 23 «Om kong Svends Børn»
  4. William of Malmesbury's Chronicle m.a. brevet frå kong Knut, ref. s.199
  5. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  6. YNGVARS SAGA VÍÐFÖRLA frå Netútgáfan (norrøn text)
  7. Emund (Anund) kolbränna Utdrag frå Den eldre Vestgøtalova
  8. Sveriges kungahus Sveriges regenter under 1000 år

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]