Anyway, Anyhow, Anywhere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anyway, Anyhow, Anywhere
Singel av The Who
B-side
  • «Daddy Rolling Stone» (Storbritannia)
  • «Anytime You Want Me» (USA)
Språk engelsk
Utgjeve 21. mai 1965[1]
Innspelt 13–14. april 1965
Studio IBC Studios i London
Sjanger
Lengd 2:41
Selskap Brunswick
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend, Roger Daltrey
Låtskrivar(ar)
Produsent Shel Talmy
The Who-kronologi 
«I Can't Explain»
(1965)
Anyway, Anyhow, Anywhere «My Generation»
(1965)


«Anyway, Anyhow, Anywhere» er ein song av det engelske rockebandet The Who, gjeven ut på singel i mai 1965.

Songen har ein call-and-response-tekst, som var vanleg for The Who på denne tida, og ein av dei første innspelingane med gitarfeedback. Songen er den einaste som er skriven av gitarist Pete Townshend og vokalist Roger Daltrey i lag. Ein meiner at gitarsolen er første soloen på plate nokon gong med gitarfeedback. Dette er den første Who-utgjevinga med Nicky Hopkins på piano.

Townshend sa om songen:

« Eg skreiv det første verset og Roger hjelpte meg med resten. Eg var inspirert etter å ha lytta til Charlie Parker og kjende at dette verkeleg var ei fri sjel, og at uansett kva han gjorde med dop og sprit og alt anna, at spelinga sette han og sjela hans fri, og eg ønskte at me skulle vere slik, og eg ønskte å skrive ein song og om det, ein andeleg song. »

Songen vart spelt lite på konsertane deira, men har vore stort sett fast sidan 1999. Han finst på konsertalbumet Live at the Royal Albert Hall. Han finst òg på albuma BBC Sessions og The Kids Are Alright.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who

Andre medverkande

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

David Bowie spelte inn ei utgåve av songen på albumet hans Pin Ups i 1973.

The Flaming Lips spelte ein versjon av songen på ei plate som følgde med magasinet Mojo med berre Who-songar.

Ei anna hyllestplate, Substitute- the songs of The Who, har ein versjon av songen spelt av Ocean Colour Scene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]