Anzjelika Sidorova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anzjelika Sidorova i 2019

Anzjelika Aleksandrovna Sidorova (fødd 12. januar 1991) er ein russisk friidrettsutøvar frå Moskva. Ho vart europameister 2014 i stavhopp og verdsmeister 2019 i same øvinga, i den siste tevlinga sette ho personleg rekord med eit hopp på 4,95 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sidorova kneip gullmedaljen frå greske Ekateríni Stefanídi då ho under friidretts-EM 2014 tok seg over 4,65 meter i tredje og siste forsøk. Sidorova imponerte endå meir då ho ved hall-EM 2015 i Praha hoppa heile 4,80 m og på ny vann over Stefanídi med 5 cm.

Sidorova sigra i hall-EM 2019 i Glasgow med eit stavhopp på 4,90 m. Ved eit stemne i Madrid om sommaren forbetra ho sitt personbeste til 4,91 m. Høgdepunktet for Sidorova kom 29. september 2019 under verdsmeisterskapen i Doha, i tredje forsøk på 4,95 meter svinga ho seg over lista og vann gullmedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]