Aonach Mòr
Utsjånad
| Aonach Mòr | |||
| Stor rygg | |||
| Munro | |||
Aonach Mòr frå Banavie | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Grampian Mountains | ||
| Topp | Highland i Skottland | ||
| • høgd | 1 221 moh. | ||
| • Primærfaktor | 134 m | ||
![]() Aonach Mòr 56°48′47″N 4°57′42″W / 56.812932°N 4.961744°W | |||
| Wikimedia Commons: Aonach Mòr | |||
Aonach Mòr er eit fjell i Dei skotske høglanda i Skottland. Det ligg 3 km nordaust for Ben Nevis på sørsida av Glen Spean, nær byen Fort William. Nevis Range-skiområdet ligg på nordsida av dette fjellet.
Namnet Aonach Mòr indikerer at det er eit større fjell enn nabofjellet i sør, Aonach Beag ('liten rygg'). Aonach Mòr er derimot 13 meter lågare enn Aonach Beag, så namnet referer til volumet av fjellet når ein ser det frå dalen og ikkje høgda.
I samband med skisenteret går det ein gondolbane og fleire stolheisar og skitrekk oppover fjellet. I tillegg til skisport vert fjellet mykje nytta til utforsykling, og har fleire år vore vertskap for verdscupen, og i 2007 vart verdsmeisterskapen halden her.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aonach Mòr» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
