Aornos
Utsjånad
Aornos er to stader i antikken.

Den eine staden var den siste staden Aleksander den store omleira. Omleiringa fann stad vinteren 327–326 f.Kr. Staden vart identifisert som fjellet Pir-Sar i Shangla i Pakistan av Sir Aurel Stein i 1926 og har vorte stadfesta seinare av arkeologar. Dette var den siste trugselen til forsyningslinja til Aleksander, som strekte seg over Hindu Kush tilbake til Balkh. Staden ligg nord for Attock i Punjab
Den andre staden som heitte Aornos i antikken var det greske namnet på hola Avernus ved kratersjøen Avernussjøen (Lago d'Averno) i Magna Graecia i Italia. Plinius den eldre skriv at giftige vulkanske gassar som strøymde ut av grotta var dødlege for fuglar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aornos» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Robin Lane Fox, 1973. Alexander the Great s. 343
- Arrian, Anabasis IV kaptitel 28.1–30.4 Arkivert 2005-10-23 ved Wayback Machine.