Aos Sí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riders of the Sidhe (1911), måleri av John Duncan

Aos Sí (irsk uttale [iːs ˈʃiː]; eldre form aes sídhe [eːs ˈʃiːə], skotsk sìth) er ei gruppe overnaturlege vesen i irsk og skotsk mytologi som kan liknast med alvar eller underjordiske.[1] Dei er blitt kalla forfedrar, naturånder eller guddommar.[2] Aos Sí og verda deira er omtalte i det irske mellomalderverket Lebor Gabála Érenn.

Dei skal halda til under jorda i alvehaugar (fairy mounds), over vesthavet, eller i ei usynleg verd som finst parallelt med den til menneskja. Aos sí er ei omskriving som tyder 'haugfolket'. På moderne irsk blir folket også kalla daoine sídhe ˈdʲiːnʲə ˈʃiːə som har same tyding; i skotsk tradisjon er dei daoine sìth.[3] Dei er også blitt kalla berre sídhe (som tyder 'haugar'), til dømes av innverknadsrike forfattarar som W.B. Yeats.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bane, Theresa (Encyclopedia of Fairies in World Folklore and Mythology, side 32. McFarland & Company. ISBN 978-0-7864-7111-9. Henta 7. juli 2014.
  2. Evans Wentz, W. Y. (1966, 1990) The Fairy-Faith in Celtic Countries. Gerrards Cross, Colin Smythe Humanities Press ISBN 0-901072-51-6
  3. James MacKillop, A Dictionary of Celtic Mythology (Oxford: Oxford University Press, 1998), s.v. daoine sídhe.
  4. Yeats, William Butler (1908). The Collected Works in Verse and Prose of William Butler Yeats. Stratford-on-Avon, UK: Shakespeare Head. s. 3.