Aotea Centre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aotea Centre slik det såg ut etter omlegginga av inngangsområdet i 2010, med vidare trapper og eit ope kaféområde.

Aotea Centre er eit kultur- og konserthus i sentrum av AucklandNew Zealand. Det ligg vest for Aotea Square ved Queen Street. Senteret er ein framførings- og samlingsstad driven av Auckland Council, som også driv Auckland Town Hall og Civic Theatre i nærleiken. Namnet er avleidd frå Motu Aotea, maorinamnetGreat Barrier Island, som er den største øya utanfor New Zealand og ligg rundt 90 km frå Auckland sentrum.[1][2]

Senteret blei utforma av byråds-arkitekten Ewen Wainscott i 1974, men først bygd over eit tiår seinare.[3] Det meste av senteret var ferdigbygd i 1989, etter å ha kosta 128,5 millionar newzealandske dollar.[4] Det blei offisiet opna året etter.[5] Senteret vann NZIA sin sølvmedalje. Kostnadane auka mykje under byggjearbeidet, slik at ein måtte kutta ut fleire detaljar. Dårleg akustikk gjorde at auditoriet gjekk gjennom ei kostbar ombygging på midten av 1990-talet.

Aotea Centre omfattar fleire foajear, galleri og samlingsrom, i tillegg til salen Kiri Te Kanawa Theatre (tidlegar ASB Theatre, omnemna i 2019) med 2 139 plassar og Herald Theatre med 186 plassar.[4]

I 2011 fekk senteret oppgraderte trapper og ein stor veranda med eit kafeområde under i samband med ei omarbeiding av Aotea Square.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aotea Square». Panoramic Earth. Arkivert frå originalen 26 January 2018. Henta 24. juni 2011. 
  2. «About Aotea Square». Henta 25 January 2018. 
  3. Monsalve, Federico (13 February 2014). «ASB Theatre». Architecture Now. Henta 25. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 «Aotea Centre». Auckland Live. 
  5. What's Doing In; Auckland - The New York Times, 25. november 1990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

36°51′07″S 174°45′45″E / 36.8519301°S 174.7624075°E / -36.8519301; 174.7624075